Stikkordarkiv: knekkprosa

Smilen hans far

Han brukte ikkje store ord,
han far,
ordskrøyv og store fakter,
skryt og fjas
heldt han seg undan.

Smilen var han raus med,
han far,
når han møtte kjenningar,
når han høyrde godt spel
eller ein råkande replikk.

Han snakka med smilen,
han far,
smilen fortalde oss ungane
med varme og utan atterhald
at han var far.

 

Share

Februarsol

Hengjande frå takskjegget
kjenner ein istapp
korleis februarsola smeikjer
den stivfrosne kroppen;
solvarmen pressar fram
ein vesal vassdrope
som fell ned på
steinhella;
dropen teiknar eit våtmerke,
kviskrar om nytt
liv;
det kjem fleire dropar,
snart sildrar ein liten
livgjevande straum
ned på steinhella,
lagar ein blank, levande
vasspytt.

På skuggesida
høyrer andre istappar
korleis sola skaper
frosten om til
vatn og liv;
dei òg stundar etter
varme,
men må nok venta;
sola tek den tida
ho tek;
slikt veit
den som ventar.

Share