Stikkordarkiv: kulturarv-skodde

Formande år

Dei færraste av oss er vel så uformelege at me ikkje lèt oss påverka og forma heilt til me er langt oppe i åra. Eg har rettnok høyrt om somme som er meir som trolldeig; lett formelege i ein kort periode, men stivnar deretter heilt. Berre materialtrøyttleik får dei til å smuldra opp. Sjølv har eg aldri møtt dei, trur eg.

Departementsbyråkratar må vera spesielt lette å forma. Dei må vera budde på å snu 180 grader alt etter som regjeringar kjem og går. Sjølv har eg opplevt å skriva stortingstekst mot å innføra eit tiltak. Fire år seinare fekk eg oppdraget med å skriva eit dokument for å innføra det same tiltaket. Slike gonger undrar ein på om ryggsøyla har gått i oppløysing, og om ein vert halden oppreist av ei ekstra tjukk formuleringshud.

Nok om det. I yrkessamanheng ser eg i ettertid at tre år ved Nordiska museet i Stockholm vart formande for det museumssynet som seinare vart botnplanken i museumsverksemda mi. Stillinga som leiar for Folkminnessamligen ved Nordiska museet vart lyst ut nordisk i 1974, og eg var den heldige. Eg var nok ein eksotisk fugl på mange måtar; nynorsktalande og -skrivande harding med sterk fagleg påverknad frå tysk Volkskunde, finsk folkloristikk og amerikansk kulturantrologi. Nordiska museeet opplevde ei sterk fagleg utvikling på 1970- og 1980-talet, og eg var heldig og fekk vera med på ferda. Rimeleg raskt vart eg dregen inn i ulike dokumentasjons- og forskingsprosjekt. M.a. var eg med på eit omfattande prosjekt som dokumenterte livet til finske arbeidsinnvandrarar i Sverige. Dessutan var eg med på eit mangeårig prosjekt som såg på livet som jordbrukarar i Jämtland. Eg fekk eit fagleg nettverk både i Sverige, Danmark og Finland. Dette nettverket hadde eg stor nytte av i heile den perioden eg var aktiv på ulike museum.

Dei tre åra på Nordiska museet var viktige for det grunnsynet eg har hatt – og har – på museumsarbeid: Museumssamlingar er fyrst og fremst kjeldemateriale som skal analyserast og tolkast med sikte på å få ny kunnskap om samfunn, liv og livsformer. Dette kjeldematerialeperspektivet har fylgt meg seinare. Samlingane er viktige som vitnemål om levd liv. Når eg framhevar kjeldeperspektivet, er det fordi eg anar ei endring i grunnoppfatninga av kva rolle museum skal spela i samfunnet. Ein pludrande seniorblogg er nok ikkje rette ramma for ein meir grundig diskusjon om slike grunnleggjande museumsspørsmål. Det vert difor berre nokre unyanserte observasjonar som uroar ei aldrande museumssjel.

Dersom eg i dag skulle «entra» norske museum med den ballasta eg i si tid fekk frå Nordiska museet, ville eg ha funne meg til rette? Eg tvilar på det. I aukande monn ser det ut til at eit kjeldeperspektiv på museumssamlingane vert bytt ut med det eg vil kalla ei kulturarv-skodde. Alt på museum har vorte kulturarv i våre dagar. Det er berre det at omgrepet ‘kulturarv’ er fullstendig ubrukande for å kunna tolka og forstå ei fortid. Det passar best for ukritisk og demagogisk dyrking av fortida. Kulturarv er noko ein hegnar om, pussar på og dyrkar. Ein litt svulstig, stundom tilbedande kulturarvsretorikk om museumssamlingar ser ut til å avløysa ein meir kritisk-analytisk omgang med museumssamlingar som kjelder til kunnskap. Det finst sjølvsagt heiderlege unntak, men hovudtendensen går i den dyrkande og tilbedande retninga. Tilbedande dyrking kan sjølvsagt gje stadfestande tryggleik for dei truande, men formar ikkje grunnlag for ny og relevant kunnskap.

Endring vil det alltid finnast, også i museum. Om all endring fører til ein betre og meir relevant kunnskap, er noko heilt anna. So lenge det har funnest museum, har difor museumsfossilar sett med uro på korleis endringar sveipar inn over museumslandskapet. No er det min tur.

Share