Stikkordarkiv: kultursektor

Leiaren

I den fyrste halvdelen av yrkeskarrieren min arbeidde eg ved ulike museum. Då møtte eg mange museumsleiarar og kunne etter kvart observera ulike typar. Denne røynsla brukte eg ein gong på eit nordisk kurs for museumsleiarar. Mi oppgåve var å presentera ulike problemstillingar ved det å vera museumsleiar og på den måten få i gang diskusjon mellom deltakarane.

Eitt av spørsmåla eg tok opp, var omtrent slik: Eg hevda at det finst to hovudtilnærmingar til det å vera museumsleiar. I den eine leiartilnærminga er institusjonen eit instrument og ei plattform for å realisera personlege og faglege ambisjonar. Denne typen leiar kan stundom opplevast sjølvsikker, og han/ho oppfører seg ofte som om han/ho er institusjonen. Leiartypen er ofte godt synleg for omverda. Han/ho trivst i media for å kunna målbera kven ein er og kva ein vil oppnå med seg sjølv og den institusjonen ein har til rådvelde. Ikkje sjeldan hamnar samtalene inn i ein bane der han/ho er hovudtema.

Den andre tilnærmingsmåten finn me når leiaren analyserer seg fram til kva som er viktig for den institusjonen som skal leiast. Vedkomande ser etter kva som er styrke, kva som er veikskapar og korleis kan han/ho leggja opp arbeid og retning for å få den aktuelle institusjonen til å utvikla seg til beste for seg sjølv og omverda. Denne leiartypen er ofte mindre synleg som person. Han/ho er oppteken av at institusjoen er synleg og er nøye med å  lytta til  ulike innspel før han/ho dreg konklusjonar.

I presentasjonen min spissa eg problemstillingane litt for å få i gang ein diskusjon. Poenget var å få deltakarane til å vurdera kva hovudtype dei kjende seg mest att i. Samtala  vart svært interessant, ikkje minst fordi eit par av deltakarane vart irriterte og kjende seg provoserte over måten eg hadde presentert problemstillinga på. Dei var mellom dei mest aktive og synlege deltakarane med høge tankar om seg sjølve. Slik sett var det ikkje uventa. Dei hevda med viss rett at det ikkje treng å vera motsetnad mellom det å ha høge, personlege ambisjonar og å kunna analysera seg fram til kva som er best for institusjonen. Sjølvsagt hadde dei rett, i alle fall i teorien. Mi eiga røynsle fortel meg likevel at kombinasjonen sterk, personleg sjølvhevding og analytisk leiarkompetanse høyrer med til unntaka.

Dei to leiartilnærmingane er på ingen måte avgrensa til museum. Me vil kunna observera dei i heile kultursektoren og vidare med. Sjeldan er det snakk om reindyrka typar, men som oftast vil ein kunna sjå etter ei tid kva tilnærming som dominerer når ein har lært leiarane litt å kjenna. Sjølv trivst eg best i lag med den analytiske leiartypen og har mest tru på at det er den beste tilnærminga. Men den eine tilnærminga treng faktisk ikkje alltid vera betre eller dårlegare enn den andre.  Stundom kan ein institusjon kanskje ha godt av ein periode i lag med eit sjølvhevdande råskinn. Éin ting har eg nemleg lært etter 42 år i arbeidslivet: det finst sjeldan éin fasit, heller ikkje for leiarar i kultursektoren.

Share