Stikkordarkiv: kvardag

Gluggesyn

Takksamt å sitja bak ein
tjukk vegg
og sjå på omverda
gjennom ein glugge,
livet
der utanfor får
skarpe konturar
og er velsigna
avgrensa,

gluggesyn reddar mange
frå å verta
dregne inn
i ein omskakande kvardag
der omverda er utflytande og
detaljane for mange;

skyttarar skal visstnok
setja pris på
gluggar.

Share

Grøne grasstrå

Gul-brun bakke strekkjer seg
i landskapet,
heit sommar har sett sine
spor

i utkanten, under eit tre
vågar nokre grøne grasstrå
seg fram,
har gøymt seg i livd
til væte nok ein gong
har gjort grastilværet
leveleg

grøne grasstrå vaiar
i svake vindpust,
smyg seg fram,
sender varsam livsglede
inn i ein gul-brun
kvardag.

Share