Stikkordarkiv: Kvitanesen

Kvitanesen og Årets harding

Det var lenge sidan eg hadde snakka med Kvitanesen, denne verdshardingen som lever i eksil på Lillehammer. Denne gongen sat han på ein benk i Storgata. Eigenleg er det eit svært uvanleg syn. Til vanleg rører han seg fort i Storgata, langar skikkeleg ut mellom folk og butikkstativ, på veg til noko eller frå noko. Denne gongen sat han. Kropsspråket fortalde at han kjende seg ille til mote. Kroppen var samansigen, og han rulla snusposen mellom tommeltotten og peikefingeren, kom ikkje eingong på å leggja posen i munnen.

Eg sette meg ved sida av han og starta varsamt ei samtale. Han var ikkje i særleg radlehumør; berre glytte opp på meg, tukka seg litt og grynta. «Ja vel, har du tid til å vera her i Storgata? Har du ikkje betre ting å ta deg til?» Eg forklarte at eg hadde eit ærend på apoteket, og så fekk eg auga på han.

Han blidka seg etter kvart, og so kom han med det som plaga han.

«Du veit», sa han, «eg er ein hund etter å vera med på konkurransar. Men det er so sjeldan nokon vil ha meg med. Difor øygna eg ein eineståande sjanse då det kom eit bod frå fjordane våre om at dei skulle kåra Årets Harding 2014. Nettopp, tenkte eg. Det var på tide, og dei treng ikkje gå langt for å finna han. Det vil seia, dei må ut av dei tronge fjordane, for dei finn han her på Lillehammer, i overgangen mellom flatbygdene og Dalen mellom alle dalar. Kven har skrive og fortalt om alt det flotte som finst i Hardanger? Om alt det gjæve som folket der har tenkt, gjort og som oftast ikkje gjort? Kven har forkynt for all verda dei globalt avgjerande verdiane som du finn i krotakaka, dravlen, heimabrugget og sideren? Om det nedlagde stølslivet, robåtane og ungdomshuslivet? Jau, her sit han, Kvitanesen himself. Eg har marknadsført Hardanger på ein måte som Visit Hardangerfjord og Hardangerrådet berre kan drøyma om, og det gjer eg utan so mykje som ei kommunal krone frå kommunane i Hardanger!»

Han pusta tre gonger før han heldt fram. «Denne gongen ville eg ikkje søkja sjølv. Av og til skal ein ikkje vera for framfus. Men veit du kva? Ikkje ein lyd frå komiteen som syslar med dette. Ikkje so mykje som eit telegram der dei spurde om eg «aller nådigst» kunne vurdera å vera kandidat! Eg fekk ikkje eingong sjanse til å seia nei takk! Og eg som har hardingblod i årane med dropar som går attende til Odin!»

Evnene mine til å trøysta i slike tragiske siutasjonar er ikkje særleg utvikla. Nokre få trøystande ord fekk eg likevel fram og sa at vilkåret for å vera med i Årets harding var at ein faktisk budde i Hardanger. Konkurransen var nok ikkje meint på dei som ikkje ser seg syn med å bu der fast. Og – det var ein ulvikje som vann i alle fall.

«Dessutan», sa eg til Kvitanesen. «Ingen kan måla seg med deg når det gjeld å beskriva det mentale Hardanger-landskapet. Kanskje er det avstanden til Hardanger som gjer at du kan omfamna alle mogelege og umogelege detaljar og samanhengar slik at me andre hardingar og ikkje-hardingar kan fatta, humra og njota.»

Kvitanesen såg opp på meg. Augo var ikkje fullt so myrke. Han stappa snusposen i munnen, reiste seg frå benken, strekte på kroppen og mumla, delvis for seg sjølv: «Seier du det, du.» Deretter gjekk han sin veg, med eit snev av det energiske Kvitanes-ganglaget som berre han har. Det finst berre éin Kvitanes.

Share