Stikkordarkiv: Lillehammer

Ufri vimpel

Eigentleg er dette ei litt småtrist soge. På taket på nabobygget står det ei lita stong der det er festa ein vimpel. Kvar morgon når eg kastar blikket ut over taka i Bryggerikvartalet på Lillehammer, fortel vimpelen meg om det er litt trekk i lufta, kva ætt (ætt=vindretning) trekken kjem frå og om det er meir enn lett bris. Lillehammer er på ingen måte ein stad som er kjend for vindtilhøva. Flau vind er nok normalen.

Men so er det denne vimpelen då. Han har kome i den alderen at han er litt frynsete i tuppen. No har trevlane i tuppen festa seg rundt vimpel-lina. Det gjer at vimpelen ikkje kan strekkja seg ut og blafra på vanleg måte. Han heng rett ned, fast i si eiga livline, på ein måte. Når vindtrekken tek tak i han, prøver han å koma seg laus frå vimpel-lina, men han berre heng og buktar seg resignert frå side til side.

Vimpelen har nok innsett at om nokre dagar kjem ein vaktmeister og løyser han frå vimpelstonga. Han vert bytt ut med ein ny og fargerik vimpel, fast og fin i tuppen. Neste stasjon for vimpelen er bosdunken der det står «Restavfall» utanpå. Eit vimpel-liv er stort sett som andre liv: før eller seinare har ein blafra frå seg.

Share

Innflytting

I snart to år har eg kunna fylgja med på korleis eit stort bustadkompleks har reist seg i Lillehammer sentrum, straks ovanfor Storgata. I alt 107 leilegheiter skal ta imot folk som får seg ny plass å bu. Prosjektet er sokalla fortetting av sentrum. Dei har obsolutt lukkast med å tetta. Resultatet ser ut som om nokon har køyrt eit stort cruise-skip inn på ein tidlegare parkeringplass. Ein kompakt mur med innfelte vindaugsflater slår imot dei som vandrar rundt i nabolaget.

No har tida kome for å flytta inn. Eg har orkesterplass og kan sjår korleis personar rører seg innanfor vindaugo og glasverandaer. I ei stor toppleilegheit flyttar det tydelegvis born inn. Dei rører seg raskt mellom romma, der dei undersøkjer kva det nye husværet har å tilby for ungdommeleg livsutfalding. I ei anna leilegheit er det to personar, tydelegvis godt vaksne. Eg ser korleis dei bøyer seg ned i kartongar og plasserer saker og ting i skåp og hyller. I ei anna leilegheit står kartongar stabla på kvarandre rett innanfor vindauga.

Berre for å ha sagt det: eg brukar ikkje dagane på å studera korleis nye fjern-naboar flyttar inn. Det vart berre so påfallande då det her om dagen livna til bak dei daude glasflatene i nybygget. Det er fascinerande å tenkja på korleis det no framover skal etablera seg eit nytt mini-samfunn med nokre hundre individ. Kanskje er det til og med ein og annan Oslo-baron som har kjøpt seg «hytte» på Lillehammer. Innflyttarane får nye, sannsynlegvis ukjende naboar. Dei skal helsa på kvarandre på sømeleg corona-vis. Dei skal orientera seg om husreglar, finna raskaste vegen frå plassen i parkeringshuset og til heisen. Dei skal ha tak i elektrikar, kanskje røyrleggjar og andre handverkarar for å ordna med ting dei ikkje har oppdaga tidlegare.

Flytteprosessar vil mange hugsa som avgjerande hendingar i livet. I den personelge historieskrivinga vil det ofte vera snakk om før og etter flyttinga. I veker og månader framover vil eg kunna halda auga med korleis stendig fleire vindaugo får ljos om kveldane. Stendig fleire personar vil kunna skimtast der dei leitar seg fram til eit kvardagsliv i nytt husvære. Nett no ser nok mange fram til den tida då dei kan seia at dei har fått eit nytt kvardagsliv. Kvardagane er trass alt i fleirtal.

Share