Stikkordarkiv: livet

Passelege porsjonar

Livet er i grunnen greitt
i passelege porsjonar,
lærte tidleg at ovbruk
ikkje er å trakta etter,
den grådige får aldri
nok,
den nøysame finn glede
i det vesle grøne
grasstrået som har
gøymt seg inne i ein
lun krok,
trassar vêr og vind og
veit at neste vår
kjem det fram att,
lenge før dei brikjande plantene
på fri mark breier seg
i all sin velde.

Share

Heft

Det er berre å vedgå det, eg er ein person som villig lèt meg hefta. Spesielt villig er eg når eg skal utføra noko eg ikkje heilt veit korleis eg skal gjera. Då dukkar det alltid opp ei uviktig oppgåve som eg må løysa fyrst, før eg tek i ferd med det eg ikkje veit korleis eg skal løysa. Kjenner du deg ikkje att? Då høyrer du til eit folkeslag som eg alltid har sett opp til, dei som alltid styrer unna heft, og som tek kortaste vegen frå A til B.

Ta til dømes når eg skal skriva ein ny tekst til bloggen. Når det stampar litt imot, finn eg ofte ut at eg må oppdatera eit eller anna program på pc-en. Då går det litt tid, og eg lullar meg inn i ei kjensle av at eg gjer noko nyttig, trass alt. So er det nokre aviser på nettet som må sjekkast, og etter ei tid finn eg ut at det er tid for litt mat. Dermed har tida gått utan at ei einaste linje har kome på plass i bloggteksten. Eg har fylt tida med heft, aktivitetar som eg godt kunne ha venta med. Eg burde heller ha teke meg sjølv i nakken og fått på plass den teksten.

I den seinare tida har eg av og til kome til å tenkja ein kjettersk tanke: når eg er pensjonist, utan faste arbeidsoppgåver, kan eg då verta heft? I mine tankar surrar ei førestilling om at for å verta heft, må eg ha faste, definerte oppgåver som skal gjerast før eg kan snakka om at det kjem inn hendingar frå sidelinja og hefter meg. No har eg ingen faste oppgåver utover eit minimum av daglege gjeremål for å halda meg gåande, so nokolunde skamlaust. Kan eg då skryta på meg at eg vert heft? Neppe. I røynda kan eg fylla dagane med alle slag heftande gjeremål. Dei vert berre vanlege gjeremål som eg vel å utføra. Når dagen er over, og eg undrar på om det er tid for å leggja seg, ja, då har det gått ein ny dag der eg ikkje treng ha dårleg samvit for at eg har late meg hefta av unødvendig aktivitet.

I grunnen er det litt synd at eg på denne måten ikkje kan skulda på alt som hefter meg i ein travel kvardag. Eg kan ikkje leva opp til det samfunnsidealet om å vera travel og ha mykje å gjera. Ingen vil tru meg når eg prøver å verka stressa, oppteken og dermed viktig. Som pensjonist er eg ein person som meir eller mindre tilfeldig vel å gjera mange uviktige og unødvendige ting. Då finn eg trøyst i å tenkja på nokre personar som i godt vaksen alder oppdaga at dei kanskje skulle ha late seg hefta meir. Dei oppdaga at dei har sprinta gjennom livet og heile tida tenkt at det meste i livet er eit heft. Det er ingen konklusjon å trå etter. Me skal nok prisa oss lukkelege, me som villig har late oss hefta gjennom eit innhaldsrikt liv.

Gravityscan Badge

Share