Stikkordarkiv: ljåslått

Robothage? Nei takk!

2015-06-29 11.33.57Her om dagen kom det over meg at eg er nesten sikker på at eg ikkje vil kjøpa ein robotgrasklippar. Ikkje so å forstå at eg fekk eit syn eller ei heilag overtyding. Nei, til det er eg for mykje tvilar. Det var berre ei snikande kjensle som seier meg at robotgrasklippar er ikkje av det gode. Det har seg slik at ein av naboane – dersom statleg eigedom og staten kan seiast å vera ein nabo – har skaffa seg ein slik robot som slår plenen heile tida; ja, eg vil seia i tide og utide. Som ei uformeleg padde, oppfødd på anabole steroidar, surrar han rundt på grasbakken og slår graset slik at ikkje eit strå står over dei andre. Alle strå står på geledd, der dei støtt og stendig vert kutta i toppen slik at ingen skal stikka seg fram, eller for å vera meir presis – strekkja seg høgare mot himmelen. Eg kjem til å tenkja på nord-koreansk festivalkoreografi, der alle aktørane gjer alle rørsler presis likt; ja, nett slik som robotar.

Eigenleg burde latmanns-genet i meg ha fryda seg over ei mogeleg framtid der ein robot tok over grasklippinga i byhagen vår. I fyrstninga hadde faktisk tankane på ei robotframtid positive overtonar, det må eg vedgå. Men då eg såg resultatet av denne stendige grasgnaginga i nabohagen, vart eg litt fælen. Den etter måten romslege hagen framstår som ein fotballbane, men som det ikkje bør sparkast ball på. Graset ligg der som grøn fløyel; ikkje eit strå ligg feil veg. Hagen er steril og iskald. Og so legg eg merke til det som er enno verre: knapt ein blom er å sjå. Berre nokre små smørblomar kryp livredde langs bakken i von om å halda so låg profil at dei slepp unna gnagaren. Løvetannen har ikkje ein sjanse mot denne grasgnagaren. Når me veit at løvetann utan vanskar veks gjennom asfalt, forstår eg kor drepande effektiv denne gnagande robotpadda oppfører seg. Eg forstod der og då at robotgrasklippar er naturstridig, for ikkje å seia ein naturøydeleggjar.

Delvis i protest og i akutt medkjensle med naturen bestemte eg meg for å la enno større del av byhagen vår få vaksa fritt, slik at me som ferdast i hagen, kan få sjå på og kjenna angen av (halv)ville blomar. Det betyr at den årlege ljåslåtten vert meir omfattande og strevsam. Det får so vera. No ser eg i alle fall ei mengd prestekragar stå og vippa gul-kvite i sommarbrisen. Forgløymmegeiane er snart avblømde, medan tveskjeggveronikaene står og lyser blått imot oss. Innimellom står det smørblomar, kløver, gjerdevikker og mykje anna som ein ukunnig må søkja hjelp til i blomebøker for å finna ut av. I alle fall, humler og bier godgjer seg heile dagane.

Hundre meter unna surrar ein gnagande robot, programmert til å kutta hovudet av alt som prøver å strekkja strå og stenglar høgare enn ca. 45 mm. Slike gonger er eg overtydd om at mennesket nok ikkje er det beste som har kome seg inn i naturen. I eit vitlaust ynske om å redusera gjeremål, store eller små, til eit minimum, slik at me kan gjera mest mogeleg av ingenting, er det nokon av oss, ofte dei som vert rekna som dei flinkaste, som finn opp tingestar som robotgrasklipparar. Ja, eg forstår det nok. Desse gnagande paddene er berre eit varsel om at somme av oss kjem til å møta robotar når me vert so gamle og skrøpelege at me må ha hjelp. Velferdsteknologi heiter det i kamuflasjespråket. Slikt vil eg ikkje tenkja på no når sommaren ser ut til å koma. Eg seier til meg sjølv: den tid, den sorg, for syrgjeleg kan det koma til å verta. I mellomtida vil eg nyta synet og lukten av villblomar i ein byhage i ei einfaldig tru på at enno forstår eg meir av samanhengane i naturen enn det ei grasgnagande robotpadde nokon gong kan programmerast til å forstå.

Share

Ljåslått i byen

Kvart år lèt eg 60-70 kvm av hagen stå med prestekragar og anna blomegras. Det er fint å sjå på og har god innverknad på husfreden. Utpå sommaren vert det likevel slik at blomane har blømt frå seg, og pyntedimensjonen er sterkt redusert. Då må eg til med ljåslått. Eg har både stuttorv og langorv, i tillegg skikkeleg steinbryne, tjuvlånt frå Lofthus i alle fall dei siste 10 åra.

I år vart det ljåslått ein av dei mange soldagane. Kloke røyster rundt meg kunne fortelja at med slikt vêr er det dårleg med dogg i graset, og dogglaus ljåslått er tilnærma meiningslaust. No har eg lært at når eg ei hende gong har ein vilje, bør eg fylgja han, skal det verta gjort noko praktisk. Eg let difor fornuftige kommentarar vera nett det, fornuftige, og sette i gang med slåtten. Eg kvesste både stuttorvet og langorvet. Då eg stod med bryne og langorv, såg eg at folk som gjekk forbi, rykte litt til. Dei hadde nok andre assosiasjonar om ein gråskjeggete mann som står med eit langorv, enn at det er ein innflytt harding som prøver å friska oppatt slåttekunstar som berre vert eldre, for ikkje å seia lett illusoriske. Musklar som knapt finst, seier på ein uvanleg direkte måte at dei i grunnen ikkje er kalibrerte for slikt ljåslåttrørslemønster. Men viljen tek styringa nok ein gong, og ljåen svingar seg gjennom graset.

Stuttorvsljåen bit best, men det går likevel raskast med langorvet. Silkegraset er noko herk: det berre legg seg ned, reiser seg dove oppatt som for å seia: nå nei, du kar, du må ha ljå med anna bit enn det du har skaffa deg, dersom du skal få has på meg utan dogg i graset. Då er det lettare med prestekragane og det andre blomegaset. Ljåen smyg seg rundt rotenden på graset, eit lite rykk og med ein lett sukk legg prestekragane seg over ende som for å seia: takk for i år, me sjåast til neste år.

Og silkegraset? Ein tur med Stiga SA 45 ordnar opp. Etter ei stund må silkegraset òg innordna seg. Normaliteten i byhagen er re-etablert: saman med alle andre grasstubbar stikk silkegraset 57 mm opp mot den blå sommarhimmelen.

Publisert på Facebook 4. august 2013

Share