Stikkordarkiv: Lofthus

«Gje meg ein h!»

«Gje meg ein h!» sa han far. Me sat på ungdomshuset Krossvoll på Lofthus og spelte til dans på ein bygdafest; han på hardingfele og eg på piano. Fela måtte stemmast att, og eg slo laus på h-en so far kunne høyra tonen gjennom omen av folk i godlag, ventande på ein ny danseslått.

«Gje meg ein h ein gong til!» sa han far, medan han streva med å få strengen til å sitja. «Helsikes vrang i kveld, den kvarten,» sa han far. Han likte ikkje å ha lange pausar mellom dansane når stemninga på dansegolvet var god.

«Gje meg ein h!» sa han far. Han hadde lært meg å basa til fela på piano. Enkelt var det, berre reine akkordar, ikkje eingong ein septim-akkord.

«Er det bra no?» spurde han far. Han strauk over strengen medan eg på nytt slo på h-en. Etter nokre kontrollerande drag over strengene kom det kort og konsist: «Me spelar ei polka», og sette i gang. Folket på golvet fylgde med, dei lét seg dra inn i ein drivande danserytme med skikkeleg dynt.

«Gje meg ein h!» sa han far og lærte meg at harding-lyden av gamaldans, runddans eller valsa-spel er hardingfeler i lag med piano.

Share

Kunsten å venta

Her om dagen vart eg mint om ei hending frå barneåra, truleg i 1956 eller 1957. Det var i alle fall på den tida då me henta mjølk i spann på Handelslaget på Lofthus. Påskeaftan var det ope nokre timar på dagtid, og då kunne me få kjøpa mjølk. Eg trur far var innom kontoret sitt (Trygdekassen) den dagen. I alle fall skulle eg henta mjølka, og so skulle eg koma oppom til han før me gjekk heim. Eg stilte meg opp i ein litt uryddig kø og venta på min tur. Eg hadde lært at eg skulle ikkje trengja meg fram, men venta til nokon bak disken spurde kva eg skulle ha. No var eg ikkje so store karen, nådde vel so vidt over disken med hovudet. Eg såg på butikkjentene bak disken som sprang frå den eine vaksne til den andre. Kvar gong eg trudde at nokon bak disken såg meg, kom det ein vaksen og tok merksemda frå butikkjenta.

Eg stod og stod og vart nok litt motlaus etter kvart. Far hadde funne ut at denne mjølkehentinga tok vel lang tid. Han kom inn døra på Handelslaget og såg meg stå med spannet i handa, sjåande med bedande augo mot travle butikkjenter. «Står du her enno?» spurde han med ein liten smil om munnen. Han oppfatta situasjonen kjapt, og saman gjekk me nærare disken og fekk den mjølka me skulle ha.

Far sa ikkje noko spesielt, men eg forstod at denne gongen hadde eg vore i overkant tolmodig. Tolmod kan vera ei dygd, so lenge det ikkje trugar med å gjera deg mjølkelaus ein påskeaftan.

Share