Stikkordarkiv: minne

Gullalder

Når hadde du din gullalder, då du var på ditt beste? For lenge sidan, nyleg, eller kanskje no? Eller går du og ventar på at gullalderen skal koma, kanskje i nær framtid, slik som Olav H. Hauge har formulert det i diktet «Det er den draumen»? Dei fleste av oss kan sikkert ikkje svara slik utan vidare. For dei av oss som har levt ei stund, vil eg likevel tru at mange vil peika attende i tid. Kanskje til glade og lukkelege barneår, til sutalause ungdomsår, eller til dei hektiske og intense åra då borna var småe. Gullalderperiodane vil variera frå individ til individ, alt etter korleis livet har arta seg. Me veit eigenleg ikkje om noko har vore ein gullalder, før etter at me har fått avstand til den konkrete perioden. Då har me sortert ut dei gode minna, gjort dei endå betre og festa dei godt i gullrammer. Me er slik laga at me kan skala bort dei mindre gode minna og reindyrka dei me opplever som positive.

Omgrepet ‘gullalder’ er elles vanleg å finna på samfunnsområde som musikkhistorie, visuell kunst, politisk historie m.m. Felles er at gullalder vert brukt som metafor for å beskriva ein tilstand eller periode der samfunnstilhøve eller kulturuttrykk var på sitt beste og mest fullkomne. Utviklinga etter gullalderen vert oftast vurdert som negativ. Dei gode gullalder-elementa truar med å forsvinna eller verta øydelagde. Difor kan samfunnet stundom setja inn tiltak som tek sikte på å ta vare på, verna og vidareføra, i det minste delar av det som truar med å verta borte. Denne tankerekkja ligg ofte til grunn for t.d. kulturminnevernet og vernetenkinga i museuma. Ikkje minst tanken om at me bør og skal vidareføra ein kulturarv, er tufta på ei førestilling om at me må sikra eit vidare liv for så mykje som mogeleg frå ein tidlegare gullalder.

Stundom kan dyrkinga av ein tidlegare gullalder ta litt overhand, både for einskildindivida og i samfunnet. Når alt var betre før, og samtida ter seg som eit ork, bør det blinka varselljos for nokon kvar. Når problem i samtida skal løysast med å visa til korleis ting vart løyste i fortida, kan det vera på tide å setja seg godt til rette i samtida, sjå rundt seg med kjøleg og sakleg blikk, sortera ut kva som er viktig og mindre viktig og gjera opp ein nøktern status. Då vil me kanskje finna ut at det me skal finna løysingar på, her og no, må tilpassast situasjonen, her og no. Løysingane vil måtta vera ei blanding av gamalt og nytt, velkjent og ukjent. På den måten kan me utvikla oss som einskildindivid og som samfunn. Ja då, det er heilt i orden å ha respekt for det som har vore før, anten me kallar det gullalder eller ikkje. I beste fall kan me til og med læra noko. Likevel, kanskje kan det vera eit lite ynske, slik innimellom, å ordna oss slik at livet her og no kan opplevast som ein gullalder, i alle fall med nokre gylne strålar.

Gravityscan Badge

Share

Hjerne-hacking

Det er ikkje ofte eg opplever eit snev av redsle. Men her om dagen skein ei overskrift mot meg, der det stod «Kan hacke hjernen din». Avisoppslaget inneheldt eit foto av ei ung kvinne, slett ikkje usjåeleg; snarare tvert imot. Ho skal vera i stand til å trengja seg inn i hjernen din og få deg til å hugsa saker og ting som du aldri har vore med på. Eg kjende korleis hacker-redsla kom krypande oppetter ryggsøyla, eller meir presist: det som måtte vera att av ryggsøyla etter eit langt byråkratliv. Sidan eg frå tid til anna møter både unge og godt vaksne kvinner som slett ikkje er usjåelege, fekk eg ei stigande, uroleg kjensle av at eg er hjerne-hacka, utan at eg klår over det. Spesielt skræmande er det å tenkja på at alle dei gode minna, som eg til og med deler som tekstar på bloggen min, berre kan vera oppspinn. «Dikt og forbannet løgn», som ein kjend, ikkje-eksisterande person ein gong skal ha sagt, og dette skal vera hacka inn i hjernen min av ei eller anna kvinne som ikkje er usjåeleg. Ein kan verta skuggeredd av mindre.

Eg treng ikkje hjelp frå slike hackar-damer for å forstå at dei tidlegaste minna mine ikkje er reelle minne i den meining at eg kan «hugsa» dei. Dei har vorte fortalte meg av foreldre og slekt på ein måte som gjer at eg «trur» eg minnest. Eg hugsar t. d. at eg sat i ei lita dokk ovanfor «storevegen», der biltrafikken gjekk, og såg på ein stor, raud og kvit HSD-buss som stod parkert ved vegen. Far var bussjåfør på den tida, og eg – mellom to og tre år gamal – hadde stukke heimanfrå for å sjå på «nudeleg pappabil». Eg «hugsar» at morbror min fann meg og tok meg med heim att. Det hadde vorte stort oppstyr då dei oppdaga at småguten var borte. Eg reknar med at dramatikken i forteljinga tidleg gjorde inntrykk på meg, og so har eg laga meg eit «minne», passeleg spennande for ein liten gutunge.

No veit eg om personar som av og til gjerne skulle ha visst kva dei har vore med på. Dei ville sikkert ha sett pris på å møta hjerne-hackarar, spesielt dersom dei ser so bra ut som dama på fotografiet. Problemet deira er nemleg at dei ikkje kan hugsa nokon ting. Slik sett er det nesten det same kva som vert hacka inn i minnet til desse karane (ja, det er berre karfolk av denne typen eg kjenner). I desse tilfella er det snakk om å fylla svarte minnehol med eitt eller anna, omtrent som ein tannlege av og til må rotfylla ei tann. Det er ikkje spesielle krav til sanningsgehalt. Det er nok at det er sannsynleg. Eit ekstra problem kan av og til vera at damer som ikkje er usjåelege, er involverte i at stakkarane går rundt med minnehol om viktige timar. Då er det nok grunn til å kjenna seg hacka både framme og bak.

Men so til desse damene som ikkje er usjåelege, men som kan få deg til å hugsa ting du ikkje har vore med på. Moralen må vera at ein held seg på mange armlengders avstand til kvinner som ikkje er usjåelege. Det må gjelda uavhengig av alder. Og snart kjem dei vel i robotutgåver òg. Då vil ein sikkert knapt vita kven ein er, langt mindre om ein eksisterer. Hjerne-hacking er truleg meir omfattande og fårlegare enn det eg kan minnast.

Share