Stikkordarkiv: mobiltelefon

Mobiltelefonen

I dag går «alle» med ein smarttelefon i handa, eller i det minste ein Doro-telefon som ein kan snakka i og senda tekstmeldingar. Utviklinga på telefon-området har vore ufatteleg sidan 1990-talet, då mobiltelefonen kunne leva opp til namnet sitt, nemleg å vera mobil.

Truleg var eg relativt tidleg ute som mobiltelefonbrukar. I desember 1990 kom kontorsjefen på Maihaugen inn til meg og lurte på om eg ikkje burde ha ein mobiltelefon. Nattevaktene på museet hadde ei stund disponert ein mobiltelefon slik at dei kunne kontakta politi o.a. Eg var ofte ute på reise og han argumenterte med at det var viktig å kunna nå meg, også når eg var på reise.  Det var dessutan solid og god økonomi i institusjonen. Eg var sikkert ikkje særleg vanskeleg å overtala. I omverda mi var eg kjend for å vera overlag interessert i ny teknologi. I romjola 1990 kom kontorsjefen inn på kontoret med ein postpakke, og me kunne pakka ut ein Motorola mobiltelefon til den nette prisen av 21 000 kroner. Det fylgde med to batteri, eit smalt og lite, og eit større, litt klumpete. Med det vesle batteriet var det mogeleg å ha telefonen i jakkelomma. Med det største batteriet passa nok telefonen best i veska. Batteria måtte ladast opp fleire gonger for dagen, og samtaleprisen var svært høg.

Det eg hugsar best som tidleg mobiltelefonbrukar, var ei hending i Stockholm på ettersommaren 1992. Eg sat saman med sjefen («styresmannen» heiter det der) for Nordiska Museet i kafeteriaen der. Han testa ut om eg kunne tenkja meg å koma til museet og overta etter han. Det var sjølvsagt heilt uaktuelt for meg. OL-utbygginga på Maihaugen var meir enn spennande nok for meg. Medan me sat der, ringde det brått i telefonen min. Det var nokon på Maihaugen som skulle snakka med meg. Eg såg korleis han sperra opp augo då eg fiska fram telefonen frå jakkelomma mi og hadde ei kort samtale. Han spurde om eg verkeleg kunne snakka i ein telefon utan å vera kopla til ei telefonlinje. Det skal seiast, samanlikna med meg, var han plassert på motsett side av skalaen når det galdt interessa for ny teknologi. I alle fall makta mobiltelefonen min å imponera sjefen for eit stort og leiande museum. Han mumla noko om at han kanskje burde skaffa seg ein slik sjølv.

Over 30 år seinare er mobiltelefonen heilt integrert i dagleglivet til dei fleste av oss; ikkje berre integrert, den vesle tingesten styrer store delar av kvardagane våre. No vert me imponerte når me møter nokon som ikkje vil la seg innordna det digitale livet. Slik kan tilværet av og til snuast på hovudet.

Share

Alt eg ikkje vil vita

Togreiser er velsigna enkelt for dei av oss som er so heldige å bu langs ei jarnbanestrekkje. Det er berre å setja seg inn og la seg frakta til reisemålet. Sutalaust og kostnadseffektivt no når skrotten vert frakta for halv pris.

Det er berre ei ulempe av og til. Det hender at unge jenter (beklagar, men min empiri omfattar berre jenter) som på død og liv skal bruka telefonen til å fortelja om intime delar av livet sitt til nokon andre. Det kunne sikkert ha vore greitt dersom dei hadde dempa stemma si og kanskje halde seg litt for munnen slik at alle dei detaljerte orda hadde gått inn i telefonen. Men nei, her er stundom volum og intensitet på eit nivå som får ein til å lura på om ikkje bodskapen hadde nådd fram utan å bruka telefonen.

So sit ein der og vert dynka i ord og detaljar om kor hjelpelaus eller kor himmelsk ein stakkars gutlark har vore på festen her om dagen. Febrilsk finn ein fram øyreproppar og NRK P2 på telefonen for å freista stengja ute det ordgytande intimitetstyranniet. Det hjelper berre so lite. Her måtte ein ha hatt høyreklokker med innebygd DAB-radio og mega-bass for å sleppa unna.

Slike gonger kan ein lura på kva realitetsorientering desse personane har. Kanskje trur dei at dei lever på ein eigen planet der det ikkje finst andre skapningar. Kanskje trur dei at medpassasjerane er skuggar som korkje høyrer eller ser. Eller kanskje bryr dei seg katten i alle som er rundt. Det viktige er at dei får snakka ut der og då. Ikkje veit eg.

Resultatet er i alle fall at me som er utstyrte med ørlite skjemmevit, kjenner oss verbalt invaderte av intimitetsdetaljar som ingen av oss vil vita. Tenk om det kunne ha vore ein app som kunne fjernstyra og slå av telefonane til slike som ikkje kan la vera å dela alle detaljane i liva sine med omverda. I gamle dagar fanst det, i alle fall i austblokklanda, støysendarar som blokkerte radiosignal som ikkje skulle nå fram til innbyggjarane. La oss få ein støysendar-app som kan fri oss frå intimitetstyranni i mobiltelefonverda.

Share