Stikkordarkiv: Myllarguten

Utanfråblikket

Jau då, dei fleste av oss er svært merksame på kven som ser oss, kven som legg merke til kva me gjer og utfører. I samhandlinga med omverda har me eit meir eller mindre medvite hierarki over dei me gjerne vil skal sjå oss. Me ser gjerne at dei som står øvst i hierarkiet, seier noko positivt om oss. Me kan kjenna glede når nokon me ser opp til og respekterer, ytrar seg i positive ordelag om oss. Og sjølvsagt det motsette når nokon øvst i hierarkiet seier noko negativt om oss. Slik er det berre med mellommenneskeleg samhandling.

Å verta sett av ein kjendis står høgt på ynskjelista for mange. Tenk berre på dei småkaotiske scenene når nokon skal ta sjølvfoto i lag med kjende personar frå idrettsliv, underhaldningsbransje eller liknande. Det er som om stråleljoset frå kjendisstatusen skal kunna stråla over på oss dødelege og gje oss ein ekstra puff der me stavrar oss fram i eit heilt vanleg kvardagsliv.

For mange er det ekstra stas å verta lagde merke til av nokon frå utlandet, spesielt USA. Ofte, når ei utanlandsk avis har skrive om eit lokalsamfunn eller om landet vårt, er det nokon i mediesamfunnet som fangar det opp og formidlar det vidare. Spesielt dersom det er skryt og godord. Då kan ein oppnå ein posisjon som mange personar i turistbransjen ser på som den ultimate lukka: å verta sett på kartet. Denne kart-metaforen uttrykkjer ei overlag stor tru på at omtale i utanlandske medium er viktigare enn noko anna. Sjølv hugsar eg frå OL-tida på Lilehammer for 30 år sidan korleis somme forsvann inn i ei kart-boble og såg for seg korleis Lillehammer etter OL skulle dra til seg ei uhorveleg mengde turistar. Og ja, dei næraste fem åra etter OL var det bra interesse for Lillehammer. Likevel ikkje så stor som kart-entusiastane fabla om.

Utanfråblikket frå personar med høg status kan absolutt føra til det vert skapt interesse for og utvikling på eit felt. Det var byborgaren og verdsmusikaren Ole Bull (1810-1880) som såg Myllarguten, Tarjei Augundsson, (1801-1872) og introduserte han for Christiania-eliten i 1849. Det tente ein gnist som i ettertid har utvikla seg til ei levande folkemusikkrørsle. Gnist vil likevel aldri vera nok. Det er den jamne fyringa som held liv i logen.

Gjennom heile livet navigerer me i synsfelta for ei mengd personar rundt oss. Då lærer me at dei viktigaste utanfråblikka tilhøyrer dei næraste personane rundt oss. Andre utanfråblikk er stort sett som krydder å rekna. Når me bevegar oss i synsfeltet til dei næraste, trengst det ikkje so mange sjølvfoto. Då kan eit blikk vera nok.

Share