Stikkordarkiv: Norden

Olav og Olaus

I stova mi står ei bokhylle der eg har samla bøker som eg gjerne vil ha lett tilgjengelege. Det er den seinaste papirutgåva av Store norske leksikon, Norsk Ordbok, mange bygdebøker frå Hardanger, bøkene til Halldor O. Opedal og diverse andre oppslagsverk. Her ein dag oppdaga eg at eg har plassert to standardverk ved sida av kvarandre. At dei står saman, er heilt tilfeldig. Bindelekken er at eg gjerne vil ha dei lett tilgjengelege. Det er dagbøkene til Olav. H. Hauge (1908-1994)  og det store bokverket til Olaus Magnus (1490-1557) Historia om de nordiska folken. Mi utgåve er faksimiletrykk frå 1976, der kommentarane til professor John Granlund (1901-1982) er innarbeidde.

Olaus Magnus var svensk prest, historikar og kartograf og vert rekna som den fyrste historikaren i Norden. I samband med reformasjonen drog han til Roma i 1523-24 og kom aldri attende til Sverige. Like fullt vart han utnemnd til svensk erkebiskop i eksil i 1544, då han etterfølgde ein eldre bror som hadde vore i embetet. Historieverket til Olaus Magnus kom på latin i 1555. Dei fleste kapitla var rikt illustrerte med tresnitt, omlag 500. Forfattaren hadde sjølv komponert utkasta til dei fleste illustrasjonane.  Olaus Magnus ville fortelja folk i resten av Europa at folka i dei nordiske landa på ingen måte var so usiviliserte og barbariske som rykta ville ha det til. Bokverket var i lange tider den viktigaste kjelda til kunnskap om dei nordiske landa. Fyrst på 1920-talet kom verket i svensk språkbunad, og den utgåva eg har, er eit opptrykk av denne utgåva.

I dag er nok dagbøkene til Olav H. Hauge meir kjende for folk enn bokverket til Olaus Magnus. Gjennom dagboknotata kan me fylgja delar av kvardagslivet til ein forfattar som har forma og farga mange rom i det lyriske huset. Mange, inkludert meg, går inn på ulike datoar og finn rett som det er gullkorn om det å vera menneske.

Øvst i bokhylla mi står desse to «olav-ane» ved sida av kvarandre, men i tid er det over 400 år mellom dei. Den eine var svensk erkebiskop i eksil, som brukte mange år på å skriva ei geografi- og historiebok om folket i dei nordiske landa. Den andre var fruktdyrkar og gartnar i ei lita hardingbygd, der han skreiv klokt og innsiktsfullt om livet i det menneskelege landskapet. Hauge nemner Olaus Magnus ein gong i dagbøkene sine. Tittelen på bokverket står skriven på innsida av permen på dagbokhefte 64 frå oktober 1979. Kanskje hadde han kjøpt eller fått bokverket; det står lista opp saman med nokre andre bøker han tydelegvis hadde kjøpt.

Kvar på sitt vis har dei to «olav-ane» prega «åndslivet» i Norden, for å bruka eit ord som kanskje kjennest litt stort for ein vanleg fjordamunn. Kvar på sitt vis minner dei oss på rikdomen det er å vera del av ein fleire hundreårs skriftkultur som gjer det mogeleg å henta fram kunnskap og innsikt i skriven form, om fortid og notid, om fjerne folk og om oss sjølve, ja, kort og godt om livet.

Share