Stikkordarkiv: NSB

Kunnskapsløyse som konkurranseføremon

Eigentleg er det meste skrive om den store namne-nyvinninga «Vy», som skal erstatta NSB. Ironien og sarkasmane flyt i stride straumar. Mange av oss kjenner oss matte og forbanna over at mangel på kunnskap og innsikt nærast står fram som ideal for korleis ein skal byggja opp tillit og respekt for samfunnsinstitusjonar. Sjølve grunngjevinga for å velja «Vy» viser korleis dei ansvarlege ikkje forstår kva som er meininga med institusjonsnamn. Sidan selskapet NSB har vyer for korleis dei skal verta eit betre transportselskap, er det «helt naturlig» at namnet må verta «Vy». Vis meg det selskapet i dette landet som ikkje har vyer for det dei driv med. Det gjer det ikkje naturleg å kalla alle selskapa for «Vy».

Eg er framleis so enkel i tankane at eg meiner at eit institusjons- eller selskapsnamn skal fortelja oss mottakarane om kva som er aktiviteten utan å måtta ha pressekonferansar for å forklara kva som er meint. Eg er so enkel i tankane at eg meiner at når det krevst tilleggsforklaringar på namnet, er namnet dårleg, rett og slett. NSB er ikkje dekkjande for den aktiviteten som er i selskapet i dag, vert det sagt. Som om «Vy» fortel på ein betre måte at selskapet driv med tog- og busstransport. Hallusinasjonar kallar me slike forklaringar.

Sanninga er nok at nokon tykkjer det er fjongt å kvitta seg med innarbeidde merkenamn. Det er altfor mange som får ein for sterk trong til å vera med på å skapa historie. Å senda selskap og institusjonar inn i slike meiningslause namne-runddansar ser ut til å vera eit krav for å kunna aksla leiarposisjonar. Kunnskapsløyse om språk og samfunn ser ut til å vera eit hovudkrav for å kunna lukkast som hallusinerande skoddefyrste.

Eg ventar berre på at nokon no vil koma med forslag om å endra Stortinget til «The Big Thing». Då vert me internasjonale i tanke-ørska i tillegg.

Share

Apati-terapi, vedfyring og NSB

Stundom fører utviklinga til framsteg òg. Eg tenkjer på dei nye omnane som brenn reint, der me kan sjå logane frå den brennande veden gjennom glas både framme og på sidene av omnen. Storarta oppfinning for ei sjel som meir enn gjerne lèt seg riva med av levande eld, og som lett vert sitjande fjetra i djup geitastir framfor logane. Ingen ting kan tevla med brennande logar som smyg seg rundt eit vedstykke; gul-raude tunger som rører seg smeikjande og glefsande på same tid i eit usystematisk mønster. Lange stunder kan eg sitja og nistira i omnen. Tankane fèr i alle retningar, ulogiske, usamanhengjande og meiningslause. Apati-terapi, kallar eg det. Du treng korkje coach, personleg trenar eller ein ropande treningsinstruktør for å driva apati-terapi framfor omnen. Du kjem langt med eit par famnar god bjørkeved.

Og når eg ikkje fyrer i omnen? Då har eg NSB. Å pendla med InterCity-tog skaper ei framifrå ramme for apati-terapi. Eg set meg godt til rette i lag med mange ukjende, kjenner på den duvande ferda, kikkar i smug på medpassasjerar medan eg lèt tankane siga av etter det daglege strevet. Når eg er i retteleg godt terapilune, går det ikkje lenge før transetilstanden melder seg. Eg søv. Og når eg søv, då søv eg; djupt, indarleg og sutalaust. Framkomen etter eit par timar, er eg som eit nytt menneske, ikkje nødvendigvis betre, men som oftast litt ør og rimeleg tom for tankar. Då er det berre å fylla på med nye tankar og suter, innimellom ei og anna glede, og så startar rundgangen på ny frisk: tankeverksemd, ein og annan aktivitet, ny periode med apati-terapi, transetilstand og oppvakning. Somme seier at denne rundgangen eigenleg er livet. I så fall er det greitt og godt, eller for å ta litt i – rimeleg bra.

Share