Stikkordarkiv: nyansar

Byråkratiet

Byråkratiet er eit trygt landskap å vera i. Ingenting er svart eller kvitt. Det finst berre gråfargar, minst 51 nyansar, kanskje fleire.

‘Kanskje’ er eit hovudord i navigasjonsspråket, det same er ‘men’, men det bør ein ikkje seia høgt.

Vegane i byråkratilandskapet har aldri ljoskryss, berre rundkøyringar. Finn ein ikkje ei høveleg utkøyrsle, kan ein surra rundt og rundt ei stund. Det er alltid nokon som dultar til deg og får deg ut i ein blindveg. Der kan ein gøyma seg ei stund, studera grånyansar og kanskje oppdaga nye. Samfunnet får aldri nok av grånyansar, det trengst som motvekt mot alt det fargerike som trugar med å overmanna oss.

Det beste for oss byråkratar er at andre har ansvaret for det me gjer, politikarar og slikt. Det er alltid godt å ha folk til å ta ansvar, spesielt når det er snakk om skuld. Æra kunne me nok ha klart å bera sjølve, men å la andre ta æra, er nok prisen å betala for å sleppa skuld.

Me byråkratar forstår kvarandre utan å bruka for mange ord. Utanforståande trur ikkje på det, fordi dei tykkjer me er altfor ordrike når me kommuniserer med omverda. Dei forstår ikkje at det trengst mange ord når ein eigentleg ikkje har so mykje å seia.

Det viktigaste hjelpemiddelet ein byråkrat har, er rutinar. Ein byråkrat utan faste rutinar eksisterer berre i teorien. Eller sagt på ein annan måte: ein byråkrat utan rutinar kan ikkje vera byråkrat. Då bør han heller vera politikar eller eit vanleg menneske.

Share

Inkjevetta

«Nei, slikt er ikkje å bry seg om; det er inkjevetta,» kunne far ordleggja seg. Han meinte det ikkje var noko å bry seg om, når me ungane klaga på noko lite som hadde hendt, og som me ikkje likte eller tykte var urettvist. Meldinga hans var kontant og gav bod om at det ikkje var noko å bruka tid og energi på. I dag ville det vanlege ordet ha vore ‘ingen ting’, som dominerer i daglegspråket både hjå ung og gamal.

‘Inkjevetta’ er samansett av to ord, og siste lekken kjem truleg får ‘vette» = eit vesen, ein ting. Eit ‘vette’ kunne tidlegare verta brukt om underjordiske vesen.

«Han er ikkje noko inkjevetta,» kunne me seia om ein person for å fortelja at nokon var viktig eller framståande. Det kan likevel liggja dobbel meining her, spesielt når formuleringa inneheld dobbel nekting. Personen kan heilt reelt vera viktig. Men formuleringa kan òg signalisera at det er vedkomande sjølv som trur han/ho er viktig, medan omgjevnadene er heller tvilande. Det er berre samanhengen og formuleringa i lag med tonefall og kroppsspråk som fortel kva avsendaren meiner. Denne uttrykks-rikdomen som ligg i språket vårt, kan gjera samhandlinga med andre personar ekstra innhaldsrik og gjevande, berre me veit å ta vare på det språklege mangfaldet.

Å kjenna seg inkjevetta er ikkje noka god kjensle. Då kan ein hamna i ein djup og myrk kjellar. Slike gonger gjeld det å finna vegen opp kjellertrappa fort og svint. Språkleg uttrykkjer ‘inkjevetta’ i slike samanhengar mykje meir enn det meir nøytrale ‘ingen ting’. Ja, i grunnen er ‘inkjevetta’ eit stempla godt ord. Slikt kan ein hevda når ein har vakse opp med ordet. Andre kan med like stor rett hevda at ordet verkar søkt og framandt. Uansett: det er ikkje inkjevetta å vera open og var for språklege nyansar og mangfald når ein vil humpa med i den evige språkdansen.

Share