Stikkordarkiv: nytt år

Inn i nytt år

Hadde det ikkje vore for alt styret omkring,
hadde eg knapt sansa
at eg
gjekk inn i eit
nytt år.

Umerkande smatt eg inn
i det nye året,
forlét eitt punkt
i kalenderen,
hekta meg fast
i eit nytt kalenderpunkt
på 24 timar.
Slik smett eg inn i
stendig nye punkt.
Kvar gong
er som ein ny siger,
ein stille applaus er min
eigen.

Share

Kalenderen

Opnar ein ny kalender,
ein heilt ubrukt kalender,
han vinkar på eit vis,
lokkar på eit vis,
lovar på eit vis,
litt trolsk,
litt skjelmsk,
velviljande,
– trur eg;

snur meg litt,
ser skuggane av
dei siste dagane i
den gamle kalenderen,
den var òg lokkande
på eit vis
slik i starten;

skuggane kviskrar:
lær av oss,
hugs oss,
men berre du sjølv
kan fargeleggja
skuggane som du møter
neste gong du
opnar ein ny
kalender

eg vil gjerne opna
mange nye kalendrar.

Share