Stikkordarkiv: nytte

Nytte

«Har du gjort noko nyttig i dag?», kunne far spørja når han ringde og ville vita korleis me hadde det i kvardagane. Eg hugsar ikkje heilt kva eg brukte å svara, men eg meinte vel at eg stort sett hadde fortent løna den dagen òg. Sjølv om far var oppteken av ulike kulturuttrykk og hadde stor glede både av musikk og litteratur, meinte han nok at dei mest nyttige var dei som produserte varer og tenester som me utan vidare kunne sjå hadde bruksnytte både for individet og samfunnet. Me som dreiv med kulturaktivitet av ulikt slag, høyrde nok mest til den pyntande delen av samfunnskaka.

Far var, og er ikkje åleine om å meina at kultur er noko som kjem i tillegg til det nyttige i den store samfunnssamanhengen. Nytte og nytteverdi er oftast knytt til alt som kan framstillast og gjerast greie for i tal, tabellar og grafar. Ikkje sjeldan ser eg at representantar for kulturlivet koketterer litt med dette når dei med ein skeiv smil om munnen proklamerer at dei er heilt unyttige i det dei gjer og utfører.

Sjølv har eg aldri klart å slå meg til ro med den eindimensjonale oppfatninga om at «nytte» og «verdi» berre høyrer til i dei økonomiske og sosiale sidene av samfunnet. «Nytte» og «verdi» i eit samfunnsperspektiv er so mykje meir enn det som kan framstillast i økonomiske og sosiale samanhengar, meiner no eg.

Me kan berre tenkja på kva Ibsens drama har hatt å seia for utviklinga av likestilling mellom menn og kvinner. Picassos samtidige kommentar i 1937 til borgarkrigen i Spania gjennom målarstykket «Guernica» illustrerer korleis kunstuttrykk får gjennomslagskraft i dagsaktuelle saker. Våren 2009 vart eit kunstverk utanfor EUs hovudkvarter i Brussel fjerna. Det var ein 16 meter høg skulptur som framstilte stereotype kjenneteikn ved europeiske land på ein måte som skapte skarpe reaksjonar. Kunst har og skal ha relevans for samfunnsforhold og er slik sett minst like nyttige som andre samfunnsuttrykk.

Det er gjennom å utfordra, overraska, forarga, av og til stadfesta, men uansett å berøra oss at kunstuttrykk har sin samfunnsverdi. Å akseptera dette vil vera å ta inn over seg at ”nytte” og ”verdi” er omgrep som har langt fleire samfunnsdimensjonar enn det som kan uttrykkjast med økonomiske og sosiale termar.

La meg ta eit fersk døme. I november 2016 møttest mange frå folkemusikkmiljøet i Den Norsk Opera og Ballett for å høyra og sjå på eit utval av dei fremste utøvarane i folkemusikk og -dans. Storarta på alle måtar; flinke programleiarar, stram og fin regi. Det heile var ein sann svir. So fekk me eit høgdepunkt då spelemannen Leif Rygg frå Voss entra scena. Utan store fakter spelte han «Budeiene på Vikafjell», ei av sviskene mellom lydarslåttane på hardingfele. Det gjekk ikkje mange sekundar før me kunne merka korleis Leif gjennom tonen i fela og føredraget i spelet greip skikkeleg tak i oss 1400 som sat i salen. Dørgande stille sat me der og lét oss dra med inn i ein tonestraum. Mange har opplevt noko liknande der kunstuttrykk grip tak i oss, anten det er musikk, litteratur eller visuell kunst. Eg vil hevda at opplevinga med Leif Rygg var noko av det mest nyttige dei fleste av oss opplevde denne sundagen. Ikkje ein heil hær av mindfullness-terapeutar hadde klart å skapa slik stemning hjå oss i salen som Leif klarte dei 3-4 minuttane han omfamna oss med musikk-klemmen sin.

Neste gong me møter nokon som doserer kor lite nytte det er å finna i kulturlivet, skal me manna og kvinna oss opp, sjå vedkomande djupt inn i det teknokratiske kvitauga og be han/ho forklara, gjerne med tal, tabellar og grafar kvifor det er mindre samfunnsnyttig å fjetra medmenneske med kunstuttrykk enn å produsera smågodt med eit utal unødvendige smaks- og fargestoff. Klarer vedkomande det, fortener han/ho ein stor og heilt unyttig klem, gjerne med slåttespel av Leif Rygg som tonefylgje.

Share