Stikkordarkiv: offerrolle

Lobbyistar

Den som går framom inngangspartiet til eit departement litt før kl. 09.00 ein kvardagsmorgon, vil leggja merke til mange personar som står i resepsjonen og ventar på å koma inn til møte med politikarar og/eller embetsverk. Svært mange av dei skal fremja sakene sine, og slik sett er dei lobbyistar. Dette er ein del av den normale samhandlinga mellom samfunnet og styresmaktene. I åra mine i Kulturdepartementet hende det eg var med som bisitjar i møte mellom politisk leiing og representantar frå institusjonar, organisasjonar, interesse- og aksjonsgrupper. Mange vil gjerne møta dei ansvarlege politikarane for å fremja konkrete saker. Av og til måtte dei ta til takke med å møta personar frå embetsverket. Ofte var det spørsmål om meir pengar frå departementet, både driftstilskot og stønad til byggjeprosjekt.

Når ein har opplevt ein del slike møte, kan ein ikkje unngå å observera ulike tilnærmingar som møtegjestene bruker for å overtyda politikarane om at dei har idear/planar som er noko å satsa på.

Ein del prøver seg i ein offerrolle, der dei legg ut om kor lite støtte dei får, i alle fall samanlikna med andre. Det er urettferdig at det er slik, og politikarane må sjå til å retta på denne urettvisa. Somme er so opptekne av å vera urettvist behandla at dei heilt gløymer å fortelja kva dei vil gjera, om dei skulle vera so heldige å få auka tilskot. Sjeldan eller aldri vil slik offerrolle verka særleg overtydande på politikarar, uavhengig av politisk farge.

Atter andre går ut med knallhard kritikk mot politikarane. Det gjeld gjerne aksjonsgrupper i saker med høgt konfliktnivå. Møtegjestene refsar det som har vore gjort og tenkt. I ein sjølvrettferdig harme øser dei seg opp i ekse og nærast skjenner politikarane ut fordi dei ikkje har forstått det geniale i dei tankane og tiltaka gjestene står for. Dei bruker faktaopplysningar på ein rufsete måte; selektivt og i beste fall litt upresist. Slike gonger er det berre å freista få i gang ein meir sakleg dialog. Somme gonger nyttar det, andre gonger må ein berre la raseriet fløyma fritt. Det er nok tvilsamt om slike harmdirrande utbrot har særleg effekt.

Dei fleste klarer å halda ein sakleg tone. Dei som er korte og poengterte, som dokumenter på ein nøktern måte kva dei har utført, og kva dei tek sikte på å gjera, står seg godt i møtet med politikarane. Det viktigaste for dei som får koma til slike møte, er å skapa tillit hjå politikarar og embetsverk om at dei er fagleg solide og har evne til å gjennomføra det dei set i gang med. Det er sjølvsagt ingen garanti for at dei når gjennom, men det er ein brukande start.

Eg møtte aldri representantar for sokalla profesjonelle lobbyistar i slike møte. Då tenkjer eg på dei som har gjort det til eit levebrød å selja (altfor dyre) råd om korleis ein skal nå fram hjå styresmaktene med sakene sine. Dt kan godt henda at somme av institusjonane/organisasjonane hadde rådført seg med slike firma før møta i departementet, utan at eg trur det hadde noko å seia for utfallet.

I gamle dager, den tid eg arbeidde ved ulike institusjonar, var det ein sjølvsagd del av oppgåvene å skapa tillit hjå styresmaktene, anten det var på kommunalt, regionalt eller statleg nivå. Var det noko ekstra me gjerne ville gjennomføra, og som kravde ekstra tilførsel av ressursar, var det å få til møte der me kunne leggja fram saka på ein nøktern måte. Eg hugsar enno starten på OL-tida på LIllehammer. Ei veke etter at vedtaket om OL på Lillehammer var eit faktum hausten 1988, sende eg eit notat på faks til departementet med ei skisse av korleis Maihaugen kunne spela ei rolle i OL-samanheng med fornuftig etterbruk. Straks etter vart eg invitert til møte med departementsråd og ekspedisjonssjef, og so var leiken i gang. To år seinare gjekk det to kongelege resolusjonar i Statsråd om korleis OL-utbygginga på Maihaugen skulle finansierast og gjennomførast. Men det er ei anna soge.

Share