Stikkordarkiv: Olle Hellbom

«Farbror Melker»

Folk på min alder og litt yngre veit sannsynlegvis kven «farbror Melker» er. Han er ein av  personane i fjernsynsserien «Vi på Saltkråkan». Saman med Olle Hellbom (1925-1982) skapte Astrid Lindgren (1907-2002) serien i 1964. I 13 episodar møter me jenta Tjorven som bur på øya Saltkråkan i Stockholms skjergard saman med familien og hunden Båtsman. Sentral i handlinga er også familien Melkersson som bur der om sommaren, og som Tjorven vert godt kjent med. Etter at serien var innspelt, kom forteljinga ut i bokform. Nyleg høyrde eg forteljinga som lydbok, då eg tråla Sør-Noreg på tvers i bil.

Medan eg høyrde på lydboka og dei mange små og store hendingane som går føre seg på Saltkråkan, slo det meg korleis Astrid Lindgren på ein meisterleg måte maktar å teikna livslagnadar som klarer å fengja, enno i dag. Som alle dei andre bøkene til Astrid Lindgren er «Vi på Saltkråkan» like mykje ei vaksenforteljing som ei soge for born. Med enkle verkemiddel teiknar ho opp det meste me møter i eit liv: striden mellom det gode og det vonde, mellom rettferd og urettferd, mellom omtanke og grådigheit, mellom toskeskap og klokskap, mellom det utkropne og det einfaldige. Personane kan virka enkle, men er likevel so samansette at me trur på dei.

Hovudpersonen i «Vi på Saltkråkan» er Tjorven; rett fram, litt sta, men klok, ikkje minst når ho rettar vanskelege spørsmål til dei vaksne. Med seg har ho eit beist av ein hund, Båtsmann. Han er like snill som han er diger. Tjorven fungerer som eit handlande og kommenterande mellomlekk mellom store og små på Saltkråkan.  Sjølv har eg stor sans for «farbror Melker». Han er einsleg far med ei vaksen dotter og tre mindre gutar. Han er framstilt som ein praktisk hjelpelaus mann som prøver å skriva litteratur. Han ramlar i sjøen, mislukkast når han skal starta påhengsmotoren og har elles ei eiga evne til å surra til det meste som han prøver å gjera. Tjorven har ein treffande karakteristikk: «Du har inte det rätta knycket, farbror Melker». Samstundes er denne hjelpeløysa av ein mann ein venleg og kjærleg far, som ikkje veit det beste han kan gjera for at borna skal ha det godt. So når barnebarnet mitt hevdar med glimt i auga at eg liknar på «farbror Melker», tek eg det som eit kompliment. Rett som det er, kjenner eg skyldskap med «farbror Melker».

Medan eg høyrde på forteljinga om alt det rare som skjer på Saltkråkan, kom eg til å tenkja på at me vaksne, spesielt me godt vaksne, kan ofte klara oss med den tilsynelatande enkle litteraturen som er berekna for born. Det er absolutt ikkje noko gale med at livet vert framstilt på ein enkel måte når det skrivne samstundes avspeglar so mange dimensjonar med livet. Når ein har levt ein del år, har ein også assosiasjonsbotn til å fylla ut detaljane i ei tilsynelatande enkel forteljing. Astrid Lindgren var ein meister til å uttrykkja komplekse samanhengar på ein lettfatteleg, underfundig og tilsynelatande enkel måte. Ho treng ikkje so mange kompliserande og intrikate omvegar for å få fram eit pulserande liv i dei litterære universa ho skaper i bøkene sine. Ho viser på ein overtydanade måte at i litteraturen – som elles i livet – kan det enkle vera det beste.

Share