Stikkordarkiv: Oslo-perspektiv

Heilt irrelevant

Eg har alltid vore svak for relevansanalysar. Nyleg måtte me ta inn over oss at nynorsk, både som tale og tekst, er irrelevant for dei som bur på Austlandet og i Oslo. Her er det norsk=bokmål, for ikkje å seia engelsk, som gjeld for å verta forstått i verda. Visdomen om den irrelevante nynorsken er, etter det løynde kjelder kan vitna om, framforska av ein rektor i ein grundig relevansanalyse. Per definisjon er ein rektor allvitande, spesielt dersom han/ho arbeider i Oslo.

Med dette som bakteppe burde denne teksten ha slutta med det fyrste avsnittet, fordi heile teksten er eigenleg irrelevant. For det fyrste er han skriven på nynorsk, og for det andre er den irrelevante skrivaren frå Vestlandet og Hardanger, men har lurt seg til ein tilhaldsstad på Austlandet, og det i mange år. Det var slapp grensekontroll i gamle dagar òg. Som harding og nynorsking har eg til og med arbeidd i Oslo, men sjølvsagt med heilt irrelevante oppgåver i eit departement.

Denne nyvunne, rektorale kunnskapen om nynorsk som irrelevant språk må sjølvsagt resultera i tiltak som i framtida hindrar irrelevante personar å ta seg inn til Austlandet/Oslo. Det gjeld å hindra språkleg uorden i den relevante og einfaldige språkkvardagen. Jon Fosse bør snarast visast bort frå æresbustaden Grotten fordi han bruker eit irrelevant språk, og det midt i tjukkaste Oslo. Ikkje nok med det, han prisar seg lukkeleg over at han er ein irrelevant språkbrukar. Juryen for Nordisk råds litteraturpris bør sjølvsagt få tilsnakk frå denne relevante Oslo-rektoren med klår melding om at dei heretter må velja norske forfattarar som skriv på relevant språk. Det er sjølvsagt dei som bruker eit relevant språk, som kan definera kva som er god litteratur.

Kulturministeren bør snarast koma med ei forordning som hindrar Det Norske Samlaget å omsetja italiensk kvalitetslitteratur til nynorsk. Tenk kor stor suksess desse bøkene ville ha fått dersom dei kom på relevant norsk! Det Norske Samlaget bør i det heile tvangsflyttast til Hordaland eller Sogn og Fjordane, der det enno finst eit slag språkleg urfolk som finn meining i å bruka eit irrelevant språk. Dessutan, og det er eit bonuspoeng: det er snakk om å flytta dei irrelevante til område som elles er prega av fråflytting. Målet må vera å samla og hjelpa dei irrelevante språkbrukarane der dei opphavleg kjem frå. Her kan det sikkert utviklast relevante utveljingsmetodar, tufta på tilgjengeleg DNA-metodikk for å sikra ei streng, men rettferdig heimsending.

Det Norske Teatret bør sendast på same flyttelasset. Ikkje nok med at dei er avhengige av skattepengar frå folk flest. Dei har hand om verdfulle eigedomar i Oslo sentrum og kvir seg ikkje for å tala til oslofolk på eit irrelevant språk. Slik uorden er utoleleg. Det er på tide å la det relevante Oslo-perspektivet få råda heilt og fullt, ikkje minst no når landet har so mange utfordringar med so mykje som er irrelevant.

F9313CD1-3F5B-46D2-A252791CA5D6AFF1-D91CC22F-F054-455F-8AFEAD5C43AC1587
Blogglistenhits
 

Share