Stikkordarkiv: Øst-Vestekspressen

“Huga på rein bil?”

I gamle dagar hadde eg ord på meg å vera litt alvorleg. Finske, kvinnelege kollegaer kalte meg “steinansiktet”. Ei lokalavis på Lillehammer introduserte meg ein gong på denne måten: “Velure er ikke spesielt festlig”. Observasjonane var nok rimeleg presise. Det vil vera lygn å seia at eg har vorte meir sprudlande med åra. Men på eitt område trur eg det har vore framgang; det skal ikkje så mykje til for å gle meg. Små, kanskje uviktige detaljar, kan setja i gang gledereaksjonar.

Her om dagen skulle eg forflytta meg frå Lillehammer til Hardanger, nærare bestemt Granvin. For ein gongs skuld bestemte eg meg for å reisa kollektivt. Det var i grunnen lagleg, sidan bussen nesten gjekk frå dør til dør med grei korrespondanse mellom rutene. På denne måten kunne eg sjå utover landskap og grender på ein heilt annan måte enn når eg køyrer bil sjølv.

Då bussen køyrde gjennom Fagernes, vart augo mine sogne mot eit skilt på ein bensinstasjon.”Huga på rein bil?”, stod det. Dermed kjende eg ei bivrande språkglede. Eg kom i hug uttrykket “huga på” frå barndomen min. Me brukte det likså vel som “å ha lyst på”, “vilja ha” o.l. Eg kunne godt seia til foreldra mine at eg var huga på iskrem eller sjokolade ( berre ei hende gong då, sjølvsagt).

Medan eg sat på bussen og naut synet av landskap og grender i Vestre Slidre, tenkte eg på den kreative språksjela som hadde teke i bruk uttrykket “huga på” i samband med bilvask. Ho eller han fortener godord og skryt. Hadde det stått eit oppslag på engelsk, ville eg ikkje ha vorte direkte forundra. Eg ville berre ha sukka innvendig og tenkt at jaja, Fagernes er på veg til å verta ein språkleg forstad til London, slik me ser det mange stader i dette landet. I staden kunne eg kjenna språkgleda strøyma gjennom ein bussboren kropp som vart frakta gjennom fagre Valdres. Hadde eg budd på Fagernes, ville eg garantert ha vaska bilen på denne stasjonen.

Denne vesle språkgleda på Øst-Vestekspressen illustrerer kor lite som skal til for å bruka vanlege kvardagsuttrykk og ord i dei fleste samanhengane. Kvardagsspråket vårt har eit rikt tilfang. Det er berre snakk om vilje og litt kreativ kunnskap for å kunna uttrykkja seg med vanlege norske ord. Neste gong det høver seg slik, skal eg jammen spørja: “Huga på ein klem?”. Svaret skal eg nok halda for meg sjølv.

Share