Stikkordarkiv: Øystese meieri

Mjølkespanna i Øystese sentrum

Øystese sentrum 2

Raud pil viser meieriutsalet i Øystese, slik det var tidleg på 1960-talet. Foto frå Facebook-gruppa Gamle bilete frå Kvam.

Den som tidleg på 1960-talet gjekk eller køyrde gjennom Øystese sentrum haust, vinter og vår, kunne ikkje unngå å sjå ei samling små spann som om kvardagane stod utanfor ein låg, avlang bygning som låg langs vegen, ikkje langt frå kyrkja, sjå foto. Bygningen var ikkje noko arkitektonisk praktstykke, berre ein klosse i betong.

Kvardagsmorgonane kunne ein også sjå at ungdomar sette frå seg mjølkespanna på veg til realskulen og gymnaset på Rossvoll. Etter skuletid henta ungdomane kvart sitt spann, gjekk inn i den avlange betongklossen av ein bygning og kjøpte seg mjølk, før dei gjekk heim på hyblane. Bygningen var nemleg eit utsal for Øystese meieri. Spannsamlinga fortalde rett og slett om praktisk tenkjande ungdomar som sette mjølkespanna frå seg om morgonane, slik at dei slapp ta dei med seg på skulen.

Eg hugsar enno dei gongane det kom postpakke frå mor. Då var det ekstra spennande å koma heim på hybelen med nytappa mjølk og ei von om at pakken heimanfrå inneheldt ei eplekake eller fyrstekake. Det vart ein del hybelfeststunder på den måten. Eg var elles ikkje verre faren enn at eg av og til stakk innom bakeriet på veg heim og sikra meg bringebærsnittar.

Dei fleste av elevane på realskulen og gymnaset budde på hybel. Sjølv flytte eg på hybel ein månad før eg fylte 15 år, og mange medelevar var i same situasjonen. Ingen tykte dette var noko spesielt. Det var slik livet var for ungdomar som var heldige å koma inn på realskule og gymnas. Mange av oss reiste heim berre nokre gonger i månaden, og då berre frå laurdag til sundag. Laurdag var skuledag til liks med andre dagar.

I dag høyrer det med til unntaka at ungdomar på 14-15 år flytter heimanfrå på hybel. No er det vel meir vanleg at avkjømet vert buande heime til dei fyller både 25 og 30 år. Eg lever enno i den trua at det tidlege hybellivet gjorde oss sjølvstendige. Me måtte kort og godt ta ansvar for alle oppgåvene som måtte løysast for å klara kvardagane. Ikkje slik å forstå at det var særleg problematisk. Me var alle i same bås, og me kunne hjelpa kvarandre om det var nødvendig. I tillegg hadde me eit lærarkollegium som hadde omsut for oss, òg utanfor skuletida.

Samlinga av mjølkespann utanfor meieriutsalet i Øystese sentrum kan på mange måtar stå som ein enkel illustrasjon på ungdomar som fann løysingar på dei fleste praktiske gjeremåla. Det er ikkje sikkert at Mattilsynet av i dag hadde godkjent reinhaldet av spanna, for ikkje å nemna at spanna stod rett ved riksvegen i mange timar før dei vart tekne i bruk. Når det regna, hende det nok at bilane hadde skvetta sandblanda vatn frå vegbanen utanpå spanna når me henta dei. Men pytt, pytt, det gjekk bra so lenge loka på spanna var skikkeleg påsette. Me fekk den mjølka me skulle ha, me vart vaksne, fekk oss utdanning og arbeid og kan sjå attende på ungdomstida gjennom nostalgiske filter. «Det naudar ikkje,» som far brukte å seia.

Share