Stikkordarkiv: passivkonstruksjonar

Byråkrat-robotar

Byråkrat-robot

Byråkrat-robot; kanskje…

Her om dagen såg eg at ulike mediehus driv og utviklar journalist-robotar. For ein strålande idé! Dei skal gjera det arbeidet som journalistar no gjer, eller i alle fall delar av det journalistiske handverket. For å vera heilt ærleg trudde eg at mediehusa allereie brukte journalist-robotar. Dei fyrste meldingane om desse robotane kom allereie for 12-15 år sidan. Dessutan kan avistekstane kan av og til tyda på at robotane er i fullt arbeid. Men, nei då, robotane er visstnok berre under utvikling, står det å lesa.

Med ein gong eg såg oppslaga om journalist-robotar, tenkte eg på eit anna utviklingspotensial: byråkrat-robotar. Tenk å få skifta ut alle desse personane som veks i tal, og som ofte irriterer det folkeslaget som kallar seg «folk flest». Det må dessutan vera mykje enklare å utvikla ein byråkrat-robot enn ein journalist-robot.  Somme av oss ventar vel at journalistane skal tenkja litt sjølve, medan få ventar at byråkratar tenkjer sjølvstendig.

Sidan det å utvikla ein byråkrat-robot trulegvis skal gjerast av ein eller annan offentleg instans, må sjølve utviklingsarbeidet lysast ut som eit oppdrag. Truleg vil det kosta so mykje at oppdraget må lysast ut i EØS-området. Det er strålande; då er ein sikker på at utviklingsarbeidet ikkje er avgrensa til små og lite robuste utviklarmiljøa her i landet. Og dermed er det ikkje sikkert at First House får oppdraget.

Heilt utan kostnad skal eg presentera nokre av krava som må stillast for å utvikla ein departementsbyråkrat-robot. Det er dette miljøet eg kjenner best til.  Sidan departementsbyråkratar i hovudsak er eit skrivande folkeferd, avgrensar eg meg stort sett til språkkrava. Mennesketypar og utdanningsbakgrunn som må inn i robotprogrammet, får andre ta seg av. For at dei som i nær framtid skal laga den endelege kravspesifikasjonen, skal forstå det eg skriv, presenterer eg krava som såkalla «bullet points». Eg avgrensar meg dessutan til bokmålskrava, sidan det er so mange som hevdar at dei forstår bokmål best.

  • Robotprogrammet skal innehalda oppdaterte partiprogramm, som skal forma grunnlaget for korleis departementsbyråkrat-robotane skal fungera. Dermed kan roboten raskt og utan særskild opplæring kunna skifta arbeidsretning i samsvar med den politiske fargen i regjeringa.
  • Programmet skal ha ei prioriteringsliste mellom ordklassar, og substantiv skal ha førerang. Bruk av verb skal vera på eit minimumsnivå.
  • Setningsbygningen skal prioritera lange setningar, som kvar bør ha minst tre innskotne bisetningar.
  • Innhaldet bør i hovudsak formulerast med passivkonstruksjonar; det gjev inntrykk av at det er ein objektiv lagnad som fører ordet.
  • Komma skal berre brukast i unnataksfall.
  • Robotprogrammet må sikra at robotane bruker ei rekkje ord og uttrykk som i dag er sjølve botnplanken i departementsspråket. Her kjem ei liste over ord og uttrykk som vera med (lista er på ingen måte fullstendig; det er ikkje mogeleg i eit normalt blogginnlegg):
    • «fokus»; skal kunna kombinerast med adjektiva: høgt, stort, breitt o.l. Ordet, eller verbalformene «fokusere», «fokusert», skal brukast minst éin gong i kvart avsnitt
    • «robust»; skal brukast i alle samanhengar der noko skal framstillast som fullverdig, velvaksen eller velfødd
    • «I forhold til», av og til forkorta til «ift»; det skal brukast i alle samanhengar der ein ikkje heilt veit kva som skal meinast.
    • «helhetsvurdering»; det skal brukast når ein ikkje er heilt sikker på kva ein legg mest vekt på
    • «kvalitetssikring»; dette skal fortelja at nokon har lese gjennom tekst og/eller planar mot ekstra god betaling utan nødvendigvis å ha forstått so mykje
    • «kostnadseffektiv»; må alltid vera med i omtaler som gjeld økonomiske tilhøve; då vil alle forstå «viktigheten av at robotparken optimaliseres for å kunne framstå med en robust og kostnadseffektiv produksjonskapasitet og -kompetanse»
    • «kapasitet» og «kompetanse»; dette er ord som kan spreiast over alt for å gje inntrykk av at planar er målretta og gjennomarbeidde
    • «bærekraftig/bærekraft», gjerne i kombinasjon med robust og/eller kostnadseffektiv; det er ein slåande kombinasjon
  • Programmet skal dokumentera at det kan brukast som utviklingsplattform for å erstatta politikarar med robotar ein gong i framtida. I fyrste omgang gjeld det opposisjonspolitikarar.

No ventar eg berre på at utviklarmiljøa skal kontakta meg, slik at eg kan medverka i eit arbeid til beste for framtidssamfunnet. Det er berre å melda seg med kommentar til denne teksten, so skal de få nødvendige kontaktopplysningar. All kontakt skal handerast med adekvat konfidensialitet.

 

Share