Stikkordarkiv: Peer Gynt

Seg sjølv nok

No ventar eg berre på at nokon vil starta eit nytt parti, og det skal heita «Seg sjølv nok». Det trengst eit parti som reindyrkar tankegodset til den veksande flokken som vil vera seg sjølve nok. Eg tenkjer på alle dei som med menneskerettane i eine handa og ytringsfridom i den andre, proklamerer at dei må få lov til å gjera det som er best for dei. Med sjølvsikker mine ber dei  hittfolket la vera å blanda seg inn. Dessutan må omverda bruka vitet sitt og forstå at det som er best for «seg sjølv nok»-folket, sjølvsagt er best for alle andre. Å vera seg sjølv nok inneber at at ein har forstått samanhengar i samfunnet på ein heilt eigen og udiskutabel måte. Å tvila på det er det same som å krenkja «seg sjølv nok»-folket. Det å krenkja dei utvalde, dei som forstår meir enn alle andre, det kan likestillast med religiøs synd. For vanlege heidningar betyr det kanskje ikkje så mykje, men for dei krenkte har kjenslene religiøse overtonar.

Nokre andre politiske parti er innom grunnideane for å vera seg sjølv nok. Men dei har so mange andre omsyn dei vil ta, at dei er heller utvatna i eit «seg sjølv nok»-perspektiv. Det er på tide at nokon samlar seg om dei enkle og sjølvsagde grunntankane om at dersom alle får gjera slik som dei sjølve vil, treng det ikkje verta noko mas om fellesskap og at ein skal tenkja på og ta omsyn til alle andre. Dersom alle konsentrerte seg om seg sjølve, då ville samfunnet utvikla seg i rett lei. Denne Trump-karen har forstått det. Når han kunne verta president i det mektigaste landet, bør det vera voner om at det dukkar opp liknande figurar som veit å setja «seg sjølv nok-politikk» ut i livet. I mellomtida får me trøysta oss med den litterære utgåva i «Peer Gynt».

Share

Åværig

Du trur kanskje det har rabla litt for bloggaren no, når han nok ein gong serverer ein tittel med eit ord som berre nokre få kanskje har sett og forstår. På ein måte har du rett. For ei tid attende fekk eg eit sært innfall om å skriva om det fyrste oppslagsordet i det 12 band store bokverket «Norsk Ordbok – Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet». Det var verbet «abba» eller «abbast», som tyder «å streva med», «å stri med» eller «dragast med». Som eit framhald fekk eg det for meg at eg også skulle skriva litt om det siste oppslagsordet i ordbokverket. Det er adjektivet «åværig», som tyder «blyg», «tilbakehalden», somme gonger ogso «kvidafull» eller «uhuga til å gjera noko». Døma i Norsk Ordbok er m.a. henta frå Nordfjord.

Blyg og beskjeden er ein eigenskap me er vel kjende med, dei fleste av oss. Me er nok mange som har ei dobbelbotna oppleving av det å vera blyg, sjenert eller beskjeden. I oppveksten hugsar eg at det var positivt om jenter var blyge og beskjedne. Jenter skulle ikkje vera framfuse og pågåande. Det var ein oppførsel som var reservert for gutar. I dag er det vel større likestilling på dette bytet ogso, i alle fall når det gjeld å vera framfus. Kanskje er det slik at me må leita litt ekstra etter beskjedne folk i ei tid då det å by på seg sjølve og «selja seg inn», som det heiter, er rettesnor for å lukkast i livet. Peer Gynt-mottoet «å vera seg sjølv nok» har i aukande monn vorte eit ideal i samfunnet. Det nyttar ikkje å vera blyg dersom målet er å blenkja på livs-scena eller på fjernsynsskjermen. Ikkje for det, eg kjenner personar som er svært so tilbakehaldne og blyge som privatpersonar. Med ein gong dei går inn i ei rolle, t.d. på ei teaterscene, er personane totalt forvandla, knapt til å kjenna att. Dei eig scena og tek tak i publikum gjennom rollespelet sitt.

I det store spennet mellom «abba» og «åværig» presenterer Norsk Ordbok over 330 000 ordartiklar. Tenk over det, neste gong du tykkjer at du manglar ord for det du skal seia og kanskje tyr til eit engelsk utrykk for å målbera ei meining. Det er slett ikkje nødvendig å vera tilbakehalden, blyg eller åværig i omgangen med norsk språk. Det er eit hav av ordtilfang der ute som kan brukast av oss alle, berre me kostar på oss litt omtanke. Ja då, eg veit at eg er språknostalgikar, ein som gjerne ser at at me tek i bruk eldre ord og uttrykk, spesielt når dei kan gjera språkbruken vår meir mangslungen, kanskje ogso meir presis. I den store samanhengen er me språknostalgikarar likevel berre små humpar – eller kanskje små pøyser – på ein veg der den engelskspråklege asfalten legg seg sakte, men sikkert. Men ein liten hump innimellom kan gjera ferda litt meir opplevingsrik – kanskje.

Gravityscan Badge

Share