Stikkordarkiv: prislaus

Prislaus

Det var ikkje so mange prisar å halda greie på då eg vaks opp. Det var kaffiprisen; den var besto oppteken av. Og so sjølvsagt prisen på appelsiner før jol. Det viktigaste var likevel prisen på frukta, når fruktdyrkarane fekk oppgjer frå fruktlageret. Det var alvor over dei prisane, det er lett å forstå. Etter som åra la seg over meg, so lærte eg at det var noko som heitte Nobel-prisar. Eg lærte òg etter kvart at det var stor skilnad på prisar som ein måtte betala, og prisar som ein fekk, fordi ein hadde gjort noko klokt. Det siste var meir som i sportsverda der ein vann premiar. Alt i alt var det likevel eit oversiktleg prisunivers, både på den eine og andre måten.

I dag er det komplett umogeleg å halda oversyn over den enorme mengda med prisar som vert delte ut til nokon fordi dei har gjort eitt eller anna. Det treng ikkje nødvendigvis vera so klokt, men det må vera noko som får omverda til å meina at det som er gjort, av og til med ein tanke bak, fortener ei påskjøning i form av ein pris. Kulturlivet og mediebransjen ser ut å vera spesielt hardt råka av ein prisfarang, og det manglar tydelegvis vaksine mot farangen. Det er ikkje ein dag utan at det vert delt ut ein pris, og eg vil våga den påstanden at det er mange fleire prisar enn det er dagar i året. Samfunnet vårt fyllest opp med eit mylder av prisar, og stendig fleire kan smykka seg med ein eller annan pris. Det burde lagast eit forskingsprosjekt som kartlegg alle prisar som finst i dette avsidesliggjande landet. Oversynet bør også omfatta informasjon over kven som har fått dei mange ulike prisane. Det er alltid trygt å vita kven som bur rundt ein. På den måten kunne til dømes bustadmeklarane i salsprospekta sine ha eit oversyn over kva prisar naboane i bustadområdet har fått. Då kan eigedomskjøparane vurdera om dei passar inn i prisprofilen i eit bustadområde eller ikkje.

No må for all del ikkje formuleringane tolkast slik at eg ikkje unner prisvinnarar det dei får. På ingen måte. Alt er utan tvil både prisverdig og fortenstefullt. Men prismedalja har òg ei bakside. Den store majoriteten av oss har trass alt ikkje fått nokon prisar enno. Dei fleste av oss er prislause. Stundom vert eg litt i stuss over korleis me prislause har det inst inne. Kva med dei som har yrke der det er ikkje oppretta prisar, som er aktive i hobbyar eller har interesser som enno ikkje er funne prisverdige? Det kan etter kvart verta småtraumatisk, for ikkje å seia pristraumatisk, å oppdaga at ein lever i dei samfunns-segmenta som ikkje vert rekna som prisverdige. For å skapa ei form for balanse i dette priskreative samfunnet burde det difor etablerast ein pris for dei mange av oss som er prislause, dei som aldri kjem i nærleiken av det store prismangfaldet. Eigenleg burde Innovasjon Norge engasjera seg her for å etablera ein pris for den mest prislause, eller den minst prisverdige, for å presentera saka frå to ulike vinklar. Her om dagen lufta eg tankane mine for Kvitanesen, verdsborgaren frå Ulvik. Han såg skarpt på meg, rista på hovudet og bles i nasa. “Du har i alle fall ikkje vorte klokare som pensjonist. Eg vil omskriva orda til ein annan verdskjend ulvikje: kvar mann sin pris!” So stappa han ein dugeleg pris med snus i kjeften. Sanningsord i kontant form er so absolutt prisverdige.

Share