Stikkordarkiv: regn

Myrke skyer

Eg sit godt gøymd
ein skuggefull plass,
kjenner gleda pensla
tankane,
i det eg ensar at
myrke skyer samlar seg
over åskanten og
vidare oppover dalføret,
det vert berre med
anslaget,
dei myrke skyene
sveik meg i dag,
korkje toreskrell
eller svalande regn
for ein skrott og natur
som ikkje er skapt
for høge temperaturar,
røynsla minner om
at før eller seinare
kjem det myrke skyer att,
då vert alt med
det gamle.

Share

Etter regnet

Eit svanepar glir
bortetter vatnet,
langvarig og sterkt regn
har fylt godt opp.
På eit flatt tak
vandrar eit par karar,
pratar saman,
bøyer seg ned,
finn noko dei ikkje
likar, ristar på
hovudet,
rukkene breier seg
i panna.

Eit svanepar
sig vidare i livet,
ein handverkar har fått
eit nytt oppdrag,
og enno er det tidleg
ein heilt vanleg julitysdag
etter regnet.

Share