Stikkordarkiv: sakn

Sakn

Det er lett å gå seg vill
i saknad-skogen,
setja seg fast mellom
turre tre og
rotvelter,
kjenna korleis spisse greiner
av fråvære
lagar rifter som
er vonde å lækja.

Det er lett å oversjå
dei små grøne flekkane
i saknad-skogen,
dei som trassar
den utturka skogsbotnen,
som bryt seg fram
i ei uboteleg von om
at det grøne
skal fylla skogen
på ny og på ny.

Det er ikkje lett å gå
utanom saknad-skogen;
medan me snublar oss fram
mellom skarpe greiner av sakn,
kan den heldige stundom
få auge på
dei flekkane der det
kan skimtast ei strime
av forventningsgrønt.

Share

Ubeden gjest

Brått, utan varsel, tok ein ubeden gjest hus i familien. Som ein rømling frå det medisinske ordtilfanget beit han seg fast i sjølve familienavet, det levande, engasjerte og omsorgsfulle medmennesket som alle søkte til når livet leita på, ho som med kjærleg omsorg og klokskap alltid tok seg av alle andre.

Ubeden gjest grein mot oss i hatefull omsorg, tynte ut krefter i den som var råka, skapte eit kjenslekaos av sjokk, sinne og fortviling, utfordra tankar om rettferd, voner om framtid og meininga med livet.

Ubeden gjest kunne ikkje kastast på dør, kunne ikkje lokkast vekk med godord eller muting, ubeden gjest rådde seg sjølv, tvinga oss alle til å verta sterke for å vera svake.

Ubeden gjest lét etter seg ei sorgfull skodde av sakn. Midt i all skodde-eim skimtar me likevel ljosglimt av takksam glede. Glede over å kunna minnast alle dei gode stundene, sterke minne om eit rakrygga og raust menneske, som skapte eit kraftfelt rundt seg som me fekk vera ein del av, minne om eit varmt og omsorgsfullt medmenneske som alltid var der når det trongst.

Ikkje eingong ein ubeden gjest kan øydeleggja minna.

Share