Stikkordarkiv: sauer

I skorfeste

Det ville ha vore lygn å seia at eg har mykje røynsle med sauer. Men i barndomen hadde me nokre smalabeist som gjorde at me hadde godt med røykjekjøt om hausten og utover vinteren. Me sleppte sauene på skogen tidleg på sommaren. Sundagane var det ofte «plikt» å vera med far oppover i lia for å sjå etter dei, kor langt dei hadde kome på veg til fjellbeitet, som høyrde til garden Røte, litt oppanfor Kinsarvik. Eg hugsar ein sundag, då me nærma oss eggjæ (=kanten der dei bratte skråningane flatar ut innover fjellpartiet), då såg me ei gjymber  (=gimmer, årsgamal hosau) som gjekk på ei lita berghylle.  Ho gjekk og beitte på fint gras, men det var tydeleg at ho ikkje kom seg der ifrå. Det hadde gått seg i skorfeste. Me såg at lammet måtte hjelpast opp frå den vesle hylla. Far hadde med seg eit byratòg (=tau av tjukk hamp til å bera bører med), og eg skulle ta meg ned til lammet for å festa tauet.  Gjymberæ likte tydelegvis ikkje å få besøk, og før eg visste ordet av det, hoppa ho utfor den vesle hylla. Det var ikkje so svært høgt, men høgt nok til at det kunne gå ille. Me heldt pusten då me såg ho landa, reiste seg og strauk av garde. Skorfesteproblemet løyste seg av seg sjølv. Me kunne vandra vidare, og eg hadde fått eit emne til den fyrste stilen det skuleåret.

Me treng elles ikkje oppføra oss som sauer for å koma i skorfeste, eller i ei kattepine, om du vil. Det er berre å vera litt tankelaus, litt sleivkjefta eller på annan måte oppføra seg litt dumt. Eg kunne ha fortalt om politikarar som har sett seg sjølve i skorfeste av og til. Stundom hjelper embetsverket med eit byratòg, stundom må politikarane hoppa og lita på evna til å landa utan brotne bein. Eg skal ikkje nemna konkrete episodar; litt personvern må gjelda for politikarar òg.

Det er lettare å fortelja om ei sjølvopplevd hendig der eg hamna i skorfeste. Utanriksdepartement arrangerer kvart år ein tur for alle utanlandske ambassadørar. Dette året på 1980-talet skulle dei m.a. gjesta Maihaugen. Knut Frydenlund var utanriksminister og vert for det heile. Eg skulle ynskja dei prominente gjestane velkomne til Maihaugen, og me samla heile fylgjet i den gamle aulasalen, Store Maihaugsal. Det var ikkje kvar dag eg brukte å ordleggja meg på engelsk. Utstyrt med gymnasengelsk skreiv eg ei velkomsttale på tre maskinskrivne sider.  I god til før gjestane kom, gjekk eg opp i salen og plasserte manus på talarstolen. Alt var klart til ein høgtidleg velkomst. Passe nervøst og konsentrert starta eg med tala mi. Då eg kom mot slutten av side 1, snudde eg over for å forsikra meg at side 2 låg der. Det var berre det at side 2 var totalt borte. Side 3 skein mot meg med dei to avsluttande avsnitta i tala. Eg vart kald og varm på same tid. No måtte eg improvisera, ei øving eg som oftast mislikar. Raskt såg eg at eg kunne gå over til det nest siste avsnittet. Eg så gjorde, medan eg prøvde å tenkja etter kva som stod på den bortkomne sida. Heldigvis hadde eg skrive heile tala sjølv. Det gjorde at etter det nest siste avsnittet, og ei ekstra kunstpause, kunne eg gå over til ei meir munnleg framføring, der eg fekk meg dei viktigaste punkta frå den bortkomne sida, i alle fall på eit vis. Deretter kunne eg avlevera avslutninga i samsvar med manus, og oppdraget var utført.

Vel nede på kontoret kunne eg konstatera at den manglande sida låg der og blenkte mot meg. Straks før eg gjekk opp i salen, hadde eg bladd gjennom manus, og i nervøs ukonsentrasjon hadde eg lagt side 2 på feil side av skriveunderlaget på pulten. Den hendinga sat lenge i meg.  – Og resten av ambassadøropphaldet?  Dei fekk middag om kvelden i to av bygningane på Bjørnstad-tunet. Deretter gjekk dei inn i sommarnatta med ein kveldskonsert av Hans W. Brimi i Garmo-kyrkja. Den som ville, kunne sova godt den natta.

Share