Stikkordarkiv: skamlaust

Forsettslaus

No ved årsskiftet kan me lesa eller høyra om kva kjende og ukjende har som forsett for det nye året som ventar der framme. Dei skal trena meir, slutta å røykja, vera snillare med seg sjølve og andre, til og med tenkja meir på klima og slikt. Sjølv har eg aldri forstått poenget med å bruka eit årsskifte til å lista opp for seg sjølv og andre kva ein sannsynligvis ikkje vil klara neste år heller. Difor har eg gått gjennom eit stendig lengre liv fullstendig forsettslaus. I yrkeslivet låg oppgåvene der og skulle løysast innan gjevne tidsrammer. Korkje meir eller mindre. I privatlivet visste me so nokolunde kva som skulle gjerast. Me lærte òg at stundom dukka det opp hendingar og problem som kunne endra kvardagane radikalt. Det avgjerande då var korleis ein makta å løysa det som dukka opp. Forsett ville ikkje eingong ha teoretisk interesse som hjelperåd. Difor går eg skamlaust forsettslaus inn i eit nytt år. Året kan likevel verta godt for nokon kvar. Godt nytt år!

Share