Stikkordarkiv: skrivesperre

Tekst-turke

Det nærmar seg fredag. Nye fredagsord i Jakobs bok skal snart leggjast ut. Det har vorte ein strukturerande del av pensjonisttilværet mitt. Men, eg manglar idé, eg manglar inspirasjon og kjenner at tida fer ifrå meg. Kva gjer eg då? Jau, skriv om tilstanden når ideane tryt, og sjølve skriveprosessen hektar seg fast. Dei fleste skrivande opplever slike stunder, anten det er snakk om å skriva oppgåver i utdanningssamanheng, gjera ferdig ein artikkel eller forfatta ein større publikasjon. Til og med når ein får konkrete tingingar i eit politisk system, kan det henda at formuleringsprosessen køyrer seg fast. Då kan det vera godt å ha eit stort, byråkratisk floskelarsenal å ausa av.

Eg kjem i hug siste dagen før stilane skulle leverast på folkeskulen. Eg gjekk som eit dyr i bur og kunne ikkje finna ut korleis eg skulle starta stilen. Dei fyrste setningane, dei som skal forløysa resten av teksten, var – og er – eit herk å få til. Mor forsøkte å hjelpa meg på veg; eg er redd reaksjonen min ikkje alltid var like overstrøymande. Likevel, det gjekk seg til, kvar einaste gong. Stilane vart innleverte, og stundom vanka det godord frå læraren.

Ofte er det å skriva som å symja i eit hav av motførestillingar. Sjølv treng eg både overlevingsdrakt og redningsvest. Eg har ikkje tal på alle dei gongene der bylgjene har vorte so krappe og ugreie at eg har måtta kravla meg i land, utan eit einaste ord. Sjølv når det kjem smygande ein idé som fester seg, og tastaturet klaprar tilsynelatande lett i veg, so kan resultatet vera blank skjerm eller tomt ark når motførestillingsbylgjene har herja ferdig.

Stundom er eg litt ilsken på desse motførestillingsbylgjene. I seinare tid har eg prøvt å oversjå dei, leggja meg på rygg i bylgjene og duvande venta til dei har stilna litt. Det ser ut til å verka. Elles hadde det ikkje eksistert noka Jakobs bok. Ikkje slik at det hadde vore eit stort tap, men reint egoistisk sett hadde eg ikkje fått oppleva, slik innimellom, å kravla på land med ein liten ordfangst. Andre gonger ynskjer eg å dela motførestillingsbylgjene med andre som skriv i det offentlege rommet. Det kan av og til sjå ut som om ein del skrivande berre plaskar rundt i stille skrivekulpar der det ikkje finst so mykje som ei lita motførestillings-rørsle på vassflata.

Men, som dei sa i bygda der eg vaks opp : kvar si spona-gjerd, dvs. folk kan laga spon/spøner på ulike måtar. Det var ei enkel stadfesting av at me kan løysa oppgåver og leva liva våre på mange ulike måtar. Den eine vegen kan vera like god som den andre, i alle fall i teorien. I praksis oppfører me oss som om me disponerer sanninga, kvar på vår måte.

Og jammen santen, der kom det på plass ein liten tekst. Definitivt ikkje noko storverk, men nokre lause funderingar om å det skriva utan å ha noko å skriva om, slik det kan høva på ein fredag, når dei fleste ser fram mot ei helg der dei ynskjer å få kvardags-møda litt på avstand.

Share