Stikkordarkiv: slekt

Formor Kari

I Hardanger har me hatt ættarbøker og bygdebøker i godt over 100 år. Me er difor vane med å kunna finna opplysningar om forfedrane våre. Heime stod ættarbøkene på ein plass der far kunne sjekka opplysningar om folk i grendene. Det gjorde han ofte.

«Forfedrar» har me lært oss til å bruka. «Formor» og «formødrer» er vel knapt i bruk, sjølv om ordet finst i ordbøkene. Ei av formødrene mine har eg lagt spesielt merke til. Det er ei av «5-tipp-oldemødrene» på farssida, ho Kari Larsdotter Aga (1680-1763), som vart gift til garden Espe i Sørfjorden. Espe ligg eit stykke ut i fjorden frå Odda, for dei som ikkje er lokalkjende. Det var nok eit giftarmål som vart snakka om i bygdene, både i samtida og seinare. Det hadde seg slik at at ein av dei rikaste karane i fjorden, Halldor Arnesson Nå (1629-1708), eigar av mange gardar, drivande forretningsmann, lensmann, kyrkjeombodsmann m.m. var barnlaus då kona døydde frå han då han var 74 år. Då hadde han budd på Espe i over 30 år. Skyldfolka hans såg no for seg at dei snart skulle få dela ein klekkeleg arv. Men han Halldor hadde andre tankar. Han sende ein belegut over fjorden til Aga, og bad om å få gifta seg med ho Kari, som då var 24 år gamal. Dei sat godt i det på heimegarden til Kari òg, og foreldra hennar tykte nok at å koma i familie med kanskje den rikaste mannen i fjorden, var freistande. Dei slo til. Kari sjølv var nok mindre mota, men gav etter. Ho skulle fylgja den komande ektemannen sin på vegen ned til robåten, då han skulle heimatt til Espe. Dei måtte gå på ei klopp over ein bekk, og det vert herma etter henne at ho tenkte: «Gjev at han datt uti!»

Giftarmålet gjekk som planlagt, og jammen kom det ein odelsgut òg, Ola Halldorsson Espe (1707-1782). Ola miste far sin berre eitt år gamal. Ho Kari gifte seg oppatt straks etter og fekk fem born med den nye mannen, Tobias Olson Helleland (1685-1760). Soga seier at at ho Kari den gongen gifte seg med den ho eigenleg ville ha. Ho overlevde den andre mannen sin med tre år.

Kari vart formor til ei slekt på Espe, kjende som dyktige og driftige handelskarar og hestehandlarar med sterk sans for pengar og rikdom. Odelsgutane heitte skiftevis Halldor og Ola heilt opp til vår tid. I bygdeboka er det karane som vert nemnde særskilt i slike samanhengar. Hadde ikkje Kari som 24-åring retta seg etter sterke oppmodingar frå foreldra om å gifta seg med ein 50 år eldre mann, hadde ikkje den kjende handelsfolkslekta på Espe vakse fram. Og korkje besto mi eller eg, for den del, hadde eksistert. Slekter er fyrst og fremst resultat av lange rekkjer av tilfeldige hendingar.

Share

Ætt

«Ho/han har no å slektast på», kan eg hugsa far og andre seia om personar som viste spesielle eigenskapar, anten dei var positive eller negative. «Det er godt hovud på dei folka», kunne dei seia, og meinte med det at personar i den ætta var skuleflinke. Når far kom i snakk med ukjende folk frå fjorden, kunne han spørja kva hus dei kom i frå. Visste han noko om «huset» = familien, kunne han spørja vidare om korleis det stod til med medlemene. Visste han ikkje noko, gjekk han til ættarbøkene til Aam. K. Bu (1872-1944). Der kunne han identifisera dei fleste som budde i dei fem Hardanger-kommunane Odda, Ullensvang, Kinsarvik, Eidfjord og Ulvik. Bøkene, som i prinsippet omfatta alle personar som hadde butt i distriktet, var utstyrte med eit enkelt og effektivt tilvisingssystem, seinare gjerne omtalt som “Bus system”. Etter kvart vart systemet teke i bruk som ein standard i gards- og ættebøker. Opplysningane i bøkene gjekk so langt opp til notida som mogeleg. Mange kunne difor finna seg sjølve i ættarbøkene, ikkje berre opplysningar om for-fedrane.

Interessa for ætter galdt ikkje berre den eigne slekta. Som gutunge kunne eg observera denne sterke interessa for ætt hjå far og besto mi. Dei kunne sitja lange stunder og drøfta ætter, korleis ulike gardar var inngifte med kvarandre. Slike gonger kom det fram synspunkt som vitna om ei sterk tru på at menneskelege eigenskapar av ulikt slag gjekk i arv. Dei høyrde til ætta. Eg har alt nemnt det at somme slekter hadde skuleflinke medlemer. Andre gonger kunne det gjelda evna til å skapa og utvikla økonomisk velstand. Til og med alkoholproblem vart knytt til ætta. «Det var ikkje anna venta, han kjem frå eit drikkarslag», kunne det seiast om personar (alltid i hankjønn) som fekk problem med alkohol. Eg har ein mistanke om at dersom far hadde levt i dag, ville han ha nikka godkjennande til ein del medieoppslag om genetisk arv.

Kunnskap om ætter spelte ei rolle for folkemeininga i fleire samanhengar, til dømes ved giftarmål. Eg kan hugsa replikkar som: «Kan dette gå bra? Ho/han kjem frå folk med svake nerver». Andre gonger kunne folk seia «Det er jammen godt at det kjem litt friskt blod inn i den slekta.» Atter andre gonger kunne replikkane vera meir svivyrdslege: «Dei vil vera so gruse på det huset». Med det meinte dei at folk på den garden/i den ætta ville vera litt betre enn andre. Det er nok rett å seia at ættekunnskap ofte vart kombinert med aldri so lite jantelovstankegang.

På somme måtar var ættarbøkene ei mild form for gapestokk. Spesielt galdt det for personar som vart markerte med «ue» eller «uef», dvs. fødde utanfor ekteskap. I barndomsåra mine var ikkje slik informasjon hyggeleg å skilta med. Ættarbøkene har dessutan eit system med fotnotar om enkeltpersonar. Opplysningane har stundom ein dramatisk karakter, med informasjon frå rettsprotokollar, om ulukker, skadeverk og sjølvdrap. Ei hende gong finn me fotnoten «idiot», og personar som i dag ville ha fått psykiatrisk diagnose, kan stå omtalte som «øren». Ordbruken avspeglar ei tid og eit samfunn der opplysningane ikkje vart pakka inn i bomull.

Dersom nokon i slekta gjorde det godt, kunne det falla omdømedropar på dei andre i ætta. Motsett ville skamkjensla også råka medlemene i ætta. Det vart fortalt at då det på 1970-talet kom ei bygdesoge for nokre kommunar i Hardanger, vart forfattaren truga med rettssak. Grunnen var at han hadde med utdrag frå rettsprotokollar frå 1700-talet. Etterkomarane meinte dette gjekk på ætteæra laus. Dei ville han skulle stryka dei avsnitta der rettssaka var omtalt. Det vart med trugsmålet.

Share