Stikkordarkiv: slumpelukke

Slekt-slump

Midt i all krampaktig planleggingsaktivitet med tilhøyrande risikoanalyse kan det vera nyttig å hugsa på at ein god del av dei viktige hendingane i livet er rein slump, i alle fall tilsynelatande. Har du nokon gong tenkt på korleis slumpen har herja når det gjeld utviklinga av slektene, også di eiga slekt? Eg tenkjer sjølvsagt ikkje på dei få slektene der nokon i tidlegare tider forsøkte seg med ei form for eigedoms- og rikdomsutviklande avl, med arrangerte ekteskap som eit verkemiddel. Nei, eg tenkjer på fleirtalet av slektene, der manglande risikoanalyse i avgjerande augneblinkar har vore normalen. Eg tenkjer med andre ord på slektene til folk flest. Her er eit døme frå mi eiga slekt på farssida.

Eg har i ein tidlegare tekst fortalt at besten min, Jakob Jonson Velure, var i USA frå 1882 til 1891. 19 år gamal reiste han den 28. juli 1882 frå Bergen med Inman Linie til USA. I papira etter han finst enno billetten som viser at han betalte 177 kroner og 70 øre for å koma seg over til USA. Billetten omfatta også togreise frå New York til Durand, Illinois. Han kom til New York 12. august 1882 med S/S «City of Montreal».

I passasjerlista står han oppførd som skreddar, og han livnærte seg som skreddar alle åra han var i USA. Det tyder på at han tok sikte på å verta verande i USA, for 1. november 1890 vitnar han framfor distriktsdomstolen for Howard County at han fråskriv seg truskapen til den svensk-norske kongen fordi han vil verta amerikansk innbyggjar. I 1892-93 kan det likevel tyda på at han har kome attende til Sørfjorden. Brev til han i dei åra er adresserte til Hardanger. Om han berre skulle ein tur heimom, eller om han kom for å slå seg til, veit me ikkje. I alle fall dukkar han opp i kyrkjebøkene 16. april 1895, då han gifter seg med Marta Olsdotter Espe. Eldste dottera, Johanna, vert fødd 2. august same året. Seinare kom det åtte born til; fire av syskenflokken døydde som born.

Kanskje er dette soga om amerikafararen som berre skulle heimom ein tur, men som møtte ei jente som han gifte seg med. Kanskje ville ikkje svigerfaren, bonden på Espe, at dottera skulle vera med attende til Amerika. I alle fall, hadde besten min vorte verande i USA, slik han tydelegvis tenkte å gjera, då hadde ikkje eg site her og fantasert om livet til ein bestefar som eg aldri fekk møta. Slik sett er det ein slump at heile slekta etter besten min vart slik me kjenner henne. Sameleis kan det seiast om fleirtalet av menneskelagnader. Noko avgjerande hender – å få barn saman må seiast å vera avgjerande i så måte – og me ser slekters gang, på godt og vondt. Hadde besten min slått seg ned i Amerika, slik to brør og ei syster gjorde, hadde livet hans vorte heilt annleis. I 1943 døydde Jakob-besten, 80 år gamal. Om han nokon gong tenkte på livet sitt som ei slumpelukka, slik Per Sivle skriv om, er heller tvilsamt. Livet vart stundevis hardt for han og besto mi. Men som etterkomar vil eg likevel tolka det som hende i åra 1893-1895, som ei lita slumpelukke. Og sannsynlegvis var det rein slump  at besten min kom heimatt då han gjorde det.

Share