Stikkordarkiv: smarttelefon

Verktøykassen

Tittelen på teksten er kanskje litt misvisande. Eg skriv ikkje om den verktøykassen som handverkarane bruker. Til det er eg for mykje treneve med tilhøyrande dårleg utvikla praktisk kunnskap. Nei, eg vil skriva om den daglege verktøykassen som stendig fleire av oss bruker, og som me gjer oss avhengige av. Eg tenkjer på smarttelefonen. Denne vesle tingesten som lagar ulike lydar for å fortelja oss om meldingar av ulikt salg, varslar oss om at no har egga kokt lenge nok, eller vekkjer oss om morgonen, berre for å nemna nokre av hjelperådene. Og sjølvsagt ringjer han når nokon vil snakka med oss; det skulle berre mangla.

Kanskje kan me seia det slik: vis meg startskjermen på smarttelefonen din, og eg skal fortelja kven du er. Det er enklast å fortelja om programma/appane på min eigen startskjerm, og so får du som lesar tenkja deg til resten.

Sentrale appar på startskjermen er Meldingar, Telefon, E-post, Kalender og kontaktlista. Dermed kan eg lett ha kontakt med dei eg måtte ynskja til kvar tid. E-post-appen har tilgang til fleire e-postkontoar, slik at eg aldri kan unngå å få meldingar so lenge eg har telefonen innanfor rekkevidde, og det har eg. Avtaler og møte legg eg inn i kalenderen, og sjølvsagt får eg varsel i god tid før dei aktuelle tidspunkta.

Eg unner meg to nettlesarar; den eine til å lesa aviser på og den andre til å sjekka/skriva på bloggen min Jakobs bok. Sjølvsagt har eg lett tilgang til Fjesboka (eller Facebook, som det heiter på ny norsk). På fjesboka får eg vita mangt som eg har nytte av og elles ein god del unyttig. Men triveleg kan det vera å lesa kva folk tenkjer, et og opplever. Fjesboka nyttar eg til å fortelja om nye og gamle tekstar i bloggen Jakobs bok eller om valsaspelgruppa «Polka med støyt». Ypperleg reklamekanal for ein som har eit anstrengt forhold til reklame.  Og so har eg sjølvsagt lett tilgjenge til kamera på telefonen. Det kan koma godt med når det dukkar opp situasjonar som er verde å festa til det digitale «fotopapiret».

To appar er eg heilt avhengig av. Den eine er Yr der eg kan finna ut om det er trygt å fara vestover over fjella. Eg kan til og med lesa temperaturen der eg er til kvar tid. På den måten er eg aldri i tvil om korleis vêret er. Sist, men ikkje minst, har eg ein app som heiter Ordbøkene. Stempla godt program, der eg raskt kan sjekka om eg sjølv eller andre held styr på ortografi og grammatikk.

Slik er mi app-sjølvmelding om startskjermen min. Han held styr på meg, hjelper meg å navigera i kvardagen og til å planleggja framover. Og då har ikkje nemnt appar som hjelper meg med billettkjøp, banktenester osv. osv. Men dei ligg ikkje på startskjermen. Om eg er eit lukkelegare menneske enn eg var før eg fekk smarttelefonen, veit eg ikkje. Det finst sikkert ein app som kan fortelja meg om dét også. Men eg er rimeleg sikker på at smarttelefonane våre er eit førevarsel om den robottida me er på veg inn i, der liva våre i endå større monn vert avhengige av at nokon rundt oss utfører digitale tenester.

Og berre for å ha nemnt det: barneborna er vonbrotne over smartelefonen min; han inneheld  ikkje eit einaste spel.

Share