Stikkordarkiv: smil

Mange dagar har gått

Mange dagar har gått
sidan ein
ledig og rakrygga
svevde over oppgåver og dagar
med fast grep

likefullt er gleda den same
når bjørka får grønkåpa på,
når ho varslar om
komande varme og
yrande liv,

mange farne dagar er ikkje til
hinder for å kjenna
varmen frå ein lysande
smil
eller ei venleg hand
over kinnet.

Share

Blind einsemd

Kvar dag sit han på same benken
til same tid,
ser ut over gata,
betraktar folk som går
forbi,
prøver seg med ein smil
til den som måtte setja seg
på same benken,
får ein nikk attende,
i beste fall,
snart rår han benken åleine,
nok ein gong,
time etter time,
dag etter dag,
sit han der,
på benken,
ein av mange
som berre er der ute
i blind einsemd.

Share