Stikkordarkiv: snjo

Stein under snjo

Under den tjukke snjodyna
anar eg ein stein,
ja, eg veit det er
ein stein,
har site på steinen
mang ein gong,
god å kvila på,
god å tenkja på,
godt å sitja der
og sjå utover landskapet
og inn i seg sjølv

no er steinen gøymd,
ventar på at sol og regn
skal viska vekk
den reine, kvite snjodyna,
og den grå, ruglete steinen
skal på ny
byda seg fram som
festepunkt for eit
kvilande og grublande
menneske.

Share

Rimfrost

So kom det i år òg,
eit lite lag med rimfrost
som ei tunn hinne
over sommarrestane,

rakk akkurat å sjå det kvite
før solstrålane
strauk kvitfargen ut og
fekk grastustane til å
tru at dei enno kan halda
på grønfargen
ei stund til.

Inst inne veit dei at snart
trekkjer grønfargen seg ut,
som ein rømling i krig,

rimfrosten ventar på
snjoen,
storebroren som legg seg over
alt og alle,
som reinskar opp med frost
og kulde,
som lokkar naturen til å gå
i seg sjølv for å
bu seg på ein
ny vårdans.

Share