Stikkordarkiv: solstrålar

Rimfrost

So kom det i år òg,
eit lite lag med rimfrost
som ei tunn hinne
over sommarrestane,

rakk akkurat å sjå det kvite
før solstrålane
strauk kvitfargen ut og
fekk grastustane til å
tru at dei enno kan halda
på grønfargen
ei stund til.

Inst inne veit dei at snart
trekkjer grønfargen seg ut,
som ein rømling i krig,

rimfrosten ventar på
snjoen,
storebroren som legg seg over
alt og alle,
som reinskar opp med frost
og kulde,
som lokkar naturen til å gå
i seg sjølv for å
bu seg på ein
ny vårdans.

Share

Fjordalivet

Sitjande på baken i bakken
ser eg utover eit velkjent
landskap,
fjorden leikar seg med
solstrålar,
fjellsidene kneisar
sjølvtrygge i evig
visdom,
på den smale jordstripa
skimtar eg eit menneske
som vandrar mellom
frukttrea,
tenkjer på livet
og hausten,
om avlinga vil
vera ven med banken
i år òg,
fjordafolk må venja seg til
so mangt,
å leva i ein turistdraum,
medan vêr og fjellsider
minner om at naturkreftene
kan skamfara det menneskeskapte
utan varsel og omsyn.
Fjordalivet er aldri
heilt trygt,
men heller ikkje
kjedeleg.

Share