Stikkordarkiv: sorg

Det er lov å ha tunn hud

Det er lov å ha tunn hud
over sorga
som slo inn i kvardagen
for lenge sidan.

Det er lov å finna glede
i alle dei augneblinkane
som legg ljose fargar
inn i sorga.

Det er lov å prisa alle
stunder
der livet utfaldar seg
på trass.

Det er godt å stryka over kinnet
på eit annleisliv
der gleda vermer
alle som kjem nær.

Share

Ubeden gjest

Brått, utan varsel, tok ein ubeden gjest hus i familien. Som ein rømling frå det medisinske ordtilfanget beit han seg fast i sjølve familienavet, det levande, engasjerte og omsorgsfulle medmennesket som alle søkte til når livet leita på, ho som med kjærleg omsorg og klokskap alltid tok seg av alle andre.

Ubeden gjest grein mot oss i hatefull omsorg, tynte ut krefter i den som var råka, skapte eit kjenslekaos av sjokk, sinne og fortviling, utfordra tankar om rettferd, voner om framtid og meininga med livet.

Ubeden gjest kunne ikkje kastast på dør, kunne ikkje lokkast vekk med godord eller muting, ubeden gjest rådde seg sjølv, tvinga oss alle til å verta sterke for å vera svake.

Ubeden gjest lét etter seg ei sorgfull skodde av sakn. Midt i all skodde-eim skimtar me likevel ljosglimt av takksam glede. Glede over å kunna minnast alle dei gode stundene, sterke minne om eit rakrygga og raust menneske, som skapte eit kraftfelt rundt seg som me fekk vera ein del av, minne om eit varmt og omsorgsfullt medmenneske som alltid var der når det trongst.

Ikkje eingong ein ubeden gjest kan øydeleggja minna.

Share