Stikkordarkiv: spikar

Å treffa spikaren

Dei fleste gongene treffer eg ikkje
ordspikaren på hovudet
når eg langar ut med kraftige
formuleringsslag for å slå
den rake spikaren fast ned
i meiningsplanken.

Att står ei rekkje med skeivslegne
og krokute spikrar,
med bøygde spikarhovud
prøver dei å fortelja at
meininga var nok
god,
heldig at tommeltotten
ikkje vart kvesta.

Share