Stikkordarkiv: språkeg medvitsløyse

Gluggasol

Vanskeleg å forstå tittelen, seier du? Hardingar på min alder vil nok skjøna kva eg meiner, kanskje. Men for å hjelpa litt til kan eg seia at sommaren i år har vore ein gluggasol-sommar. Det tyder kort og godt at sommardagane har vore prega av halvskya fint vêr, eller «halvskyet, pent vær», for å bruka ei litt meir blodfattig formulering. Gluggasol er eit presist uttrykk som fortel at sola kikkar fram av og til gjennom skylaget. Fjesbokvener frå Hardanger har lagt ut mange foto som viser at dei har hatt ein del skodde i sommar. På somme av dei ser ein at skodda «hjadlar seg», dvs. at skodda lettar og legg seg som hjallar (=hyller) oppetter lia. Det er eit godvêrsteikn.

Når eg tek fram slike uttrykk i denne teksten, er det ikkje berre for å driva vaksenopplæring i gamle ord og uttrykk frå Hardanger. (Ingen vil ta skade av det.) Nei, det er for å illustrera ein språkrikdom som eksisterer i dialektane. Felles for dei to døma eg tek med her, er at dei har referanseramme frå ei tid då både glugge (=liten opning i vegg, dør eller tak) og hjall (=hylle) hadde ein funksjon i kvardagen. Dei høyrer nok til ei førindustriell tid, der vêret var endå viktigare enn i dag. Det er likevel ikkje slik at det berre var i tidlegare tider det vart laga ord med referanse til omgjevnadene. Det er vel heller slik at omgjevnadene skifter, og dermed vert ordforminga også endra. Ser me på Norsk språkråds nyord frå dei seinaste åra, viser dei til tilhøve som er karakteristiske for vår tid. Berre tenk på «oskefast», som på ein presis måte fortel om ei tid der me fartar rundt med fly over heile kloden. Naturfenomen som oske frå vulkanutbrot forstyrrar denne farten på ein avgjerande måte, og folk får uynskte avbrot i reiseverksemda. Slikt slapp ein den gong båt var framkomstmiddelet.

«Sakte-tv» er eit anna nyord som fortel mykje om tida me lever i. Både ord og fenomen vitnar om ei medietid, der me prøver å overføra heile tilværet til mediesamfunnet, anten det er togreiser, båtreiser eller fjosliv. Livet går føre seg gjennom fotolinse og på sosiale medium. Livet utanom vert snart ikkje rekna med lenger, sidan det ikkje er synleg for all verda.

Norsk språkråds liste over nyord framhevar dei som vert laga med utgangspunkt i norsk ordtilfang. Det er kanskje minst like vanleg å bruka ord med engelsk som utgangspunkt i engelsk. Oftare og oftare skrik språkleg og jålete medvitsløyse i mot oss, t.d. når forretningane reklamerer med «sale», truleg fordi dei trur at folk kjøper meir enn om det hadde stått «salg» eller «sal».

Den språklege jåleskapen med bruk av engelske nemningar breier seg stendig både i privat næringsliv og i offentleg sektor. No er det slutt med at nokon er arbeidstakar eller tilsett. No er ein HR (=human resource), og den gamaldagse personalsjefen er «HR manager». M.a. skal ho/han tilsetja «accountants». Rekneskapsførar er det ingen som veit kva er lenger. På denne måten kan ein finna område etter område der engelsk språkbruk snik seg inn hjå medvitslause språkbrukarar. Eg vert freista til å sitera ei klok, gamal kone som ein gong skal ha sagt: «Fint skal det vera, sjølv om halve ræva heng ute.»

Share