Stikkordarkiv: språkleg mindremannskjensle

«og dansk med sin tjener han talte!»

Her om dagen kunne me lesa at kvar tredje norske ungdom snakkar engelsk når dei skal kommunisera med danskar. Begge partar tykkjer at det er lettare å snakka engelsk enn å prøva å forstå dansk eller norsk. Eg fekk sterke assosiasjonar til Ludvig Holberg (1684-1754), norsk-dansk forfattar som me i mi skuletid fekk læra om. I ein samfunnskritisk science-fiction-roman, Niels Klims underjordiske rejse, frå 1742, fortel Holberg om studenten Niels Klim som kjem heim til Bergen frå København. Han kryp inn i ei hole, fell ned i det indre av jorda og landar på planeten Nazar. Der opplever han mykje underleg. Holberg skreiv boka på latin. Det var vanleg mellom lærde menn på 1700-talet. Dansk og norsk var lågstatusspråk. Ved hoffet snakka dei berre tysk og fransk, og fransk vart også brukt i skrift og tale av den norske overklassa. Holberg skildrar tilstanden slik:

«Hver mand der med kløgt gik i lærdom til bunns
latin på papiret han malte,
med fruene fransk og tysk med sin hund,
og dansk med sin tjener han talte!»

Mykje på språkfronten har sjølvsagt endra seg på desse 280 åra frå Holbergs tid. Likevel, denne nedvurderinga av eige språk til fordel for engelsk har dei same haldningselementa i seg som på Holbergs tid. Me kan godt snakka om språkleg mindremannskjensle, der nokon med makt og påverknadskraft får det for seg at me må bruka engelsk for å nå fram i livet og i samfunnet. Innanfor akademia er engelsk på veg til å verta einerådande. I mange store, norske selskap er det påbode å bruka engelsk som språk, og i aukande mon kjem stillingsannonsar i desse selskapa på engelsk i norske aviser. Så vidt eg veit, har ingen nokon gong presentert grundige analysar som viser at noko betrar seg dersom ein berre går over til engelsk språkbruk.

Somme prøver å skapa inntrykk av at val av språk er resultat av personlege og frie avgjerder. Det er i beste fall ei halvsanning. Språk er makt, og har vore det til alle tider. Det fekk dei innfødde i koloniane i farne tider oppleva då kolonimaktene tvinga dei til å bruka engelsk, fransk eller andre kolonimaktspråk. Me skal ikkje gå lenger attende enn til Sovjet-tida, då russisk var påtvinga hovudspråk i dei ulike sovjet-statane. Og me kan berre tenkja på fornorskingsprosessen som samane har opplevd opp gjennom tida.

Det er sjølvsagt ikkje snakk om ytre, språkleg tvang no når stendig større delar av samfunnslivet glir inn i engelsk språkbruk. Det er meir snakk om avgjerder som set si ære i å ikkje ta omsyn til språkleg kunnskap og kompetanse. Norsk språkråd og språkforskarar snakkar for dauve øyro. Pliktskuldig har dei som tek avgjerdene, «gode dialogar» med språkmiljøa. Resultatet er likevel gjeve på førehand: den kunnskapslause er alltid sikker på å vita best og handlar i samsvar med det.

Share