Stikkordarkiv: statsborgarskap

Snaking

Her om dagen vart eg invitert med på ei moltemyr. Eg har forstått at i Telemark er ein invitasjon til å vera med på moltemyra nummeret før innvilga statsborgarskap. Slik sett var det ei storhending. Me visste at nokon hadde vore på myra tidlegare og forstod at på denne molteturen vart det snaking, dvs. me måtte leita etter bæra. I praksis betyr det at ein må gå mange steg i kryss og krok mellom kvar gong ein finn ei molte. Ein må stendig bøya seg ned og oppatt, men når ryggen spelar på lag, er det ein grei måte å bruka musklar som elles har lett for å liggja i dvale. Ein ekstra bonus er alle dei stille skogslydane i julisola.

Den store snakedraumen er å finna ein del av moltemyra som folk tidlegare har oversett. Eg har opplevt det ein hende gong, men ikkje denne gongen. Me snaka i veg, og med tida kom det minst tre kilo på plass i spanna. Nok ein gong fekk me demonstrert at den jamne innsatsen kan gje brukande resultat til slutt.

Medan eg snaka i veg på moltemyra, kom eg i hug dei somrane på 1950- og 1960-talet då snaking var ein ein del av sommarjobben min. Då morellsesongen nærma seg slutten, fekk somme av oss drengene i oppgåve å snaka dei siste morellene på dei drustelege trea. Til vanleg fekk me betalt for kvar kasse me henta, men når me snaka dei siste bæra, fekk me timebetaling. Me var utstyrte med høge stigar, små spett og skikkeleg bastetau til å staga stigane opp i trea. Det vart mange stigeflytt for kvar kasse, og me utvikla ein god tame – spisskompetanse heiter det vel i dag – i å vurdera korleis me kunne nå flest moreller med færrast mogeleg stigeflytt.

I dag er alle dei drustelege morelltrea borte. Dei er erstatta med passeleg høge tre som står oppmarsjerte i rekkjer, innkapsla i plasttunellar. Om nokon går og snakar i desse tunellane, veit eg ikkje. Men med alt pratet om berekraft kunne snaking etter naturressursar vera ein brukande leveregel den dag i dag.

Share