Stikkordarkiv: stille

Diagnose: stille-allergi

Endeleg har eg fått det stadfesta. Inst inne har eg visst det, men aldri våga meg til å framheva det som noko særskilt. Det eg har lese i aviser og høyrt om på radio, sender ei stadfestande lukkekjensle inn i ei tvilande sjel: Eg er ikkje stille-allergikar! Tvert imot, eg er mellom dei som toler so inderleg vel at det er dørgande stille rundt meg. Ikkje berre toler eg det: eg nyt det i lange drag! Det er ufatteleg å kunna sitja rett opp og ned, ute i naturen eller åleine i eit rom og berre høyra lyden av ingen ting. Eg kan bokstavleg tala kjenna den store, omfamnande stilla siga inn over meg, lyfta meg opp og senda meg ut i det store altet.

Fyrst trudde eg at det var nokon som ville halda ap med oss, men so forstod eg at det faktisk finst personar som ikkje er i stand til å nyta alle dei finurlege dimensjonane som eg og somme andre kan finna i den totale stilla. For dei er stilla eit problem. Heldigvis er det utvikla «medisin» som kan hjelpa mot stille-allergi, eller kanskje er det intoleranse. I alle fall, moderne teknologi gjer det mogeleg å skaffa seg appar på mobiltelefonen som kan hjelpa dei med å oppleva lyden av liv og uro sjølv når dei er åleine eller på andre måtar er overlatne til seg sjølve. Dermed kan dei unngå at den skumle og skræmande stilla kan koma til å ta tak i dei og skapa traumar for resten av livet.

På den andre sida, eg nektar å tru at eg er heilt åleine om å lika stilla. Det må vera nokre andre også som i grunnen tykkjer det er for mykje uro og bråk rundt oss. Dette gjer at det kan opna seg ein forretningsidé for meg. Eg kan spela inn lyden av den stilla eg opplever og so selja stillelyden i ein app. Når ein brukar slike gode, lydtette høyretelefonar, kan ein sitja på bussen eller flyet, til og med framfor fjernsynet, og nyta stillelyden som eg har spelt inn. Snakk om å dela gledene med andre! Det er éin ting eg må¨passa på når eg spelar inn lyden. Det har seg nemleg slik at sit eg lenge nok i den gode stilla, har eg ein tendens til å somna. Eg må difor passa på å redigera vekk når stillelyden går over i snorking. Jamvel ikkje eg kan forveksla snorking med stille, sjølv om eg til vanleg ikkje er i stand til å høyra snorkinga mi i sovande tilstand. Kvar gong eg ensar snorkinga mi, vaknar eg. Det går likevel ikkje so lenge før stilla tek meg att, og godt er det.

Share