Stikkordarkiv: stillfarande

Stillfarande

Han vandrar stillfarande rundt
som på eit mosekledd underlag,
smyg seg mellom alle
som ikkje legg merke
til eit individ
med manglande markeringsbehov,
konturlaus livsførsel,
kravløyse som rettesnor;
eit medmenneske
som observerer ein
veksande hop
som surfar uhemma
på bylgjer av
flaks og tilfeldigheiter.

Kvar kveld har filttøflane
fast plass under senga.

Share