Stikkordarkiv: stortingsrepresentant

Paris

Eigenleg er det litt naturstridig at eg, ein fyr frå Sørfjorden i Hardanger, skulle kunna skriva noko om Paris, spesielt sidan eg i tillegg er ein klakaskadle i fransk. Det er likevel slik her i livet at det tilfeldige spelar inn og lagar til mykje rart, m.a. at Paris er den utanlandske storbyen eg har besøkt oftast. Det hadde seg slik at eg som del av arbeidsoppgåvene i Kulturdepartementet også fekk ein del med UNESCO-saker å gjera. UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon med hovudkvarter i Paris. Somme år kunne det verta fem-seks arbeidsreiser til Paris. Møta varte ofte ei veke, stundom endå lenger. Når bokstavleg tala  folk frå heile verda møtest, tek det meste tid. På møta møtte eg mange fagleg dyktige og hyggelege personar. Samstundes var det råd å merka at UNESCO-møte kan vera eit eldorado for dei eg kallar korleis-folka, dei som er mest interesserte i prosedyrar og korleis saker og ting skal gjerast. Dei er mindre opptekne av kvifor ting vert gjorde.  Slikt fører ofte til at møta sprengjer tidsrammer, og innimellom kunne det verta seine kveldsmøte for å koma gjennom alle punkta på dagsorden.

Men nok om UNESCO, det var Paris eg skulle skriva litt om denne gongen. Ikkje sjeldan varte opphaldet over ei helg. Sundagen var fri frå møteverksemd. Då naut eg fridomen i å vandra rundt åleine i området kring Eiffel-tårnet, der UNESCO-bygningane ligg. Det er nok eit av dei «rike» områda i Paris med breie gater og staselege bygardar. Innom gangavstand ligg det mange museum. Kvar gong eg hadde sjanse til det, var eg innom favorittmuseet i Paris: Musée  d’Orsay, eit kunstmuseum i ein nedlagd togstasjon. Veit ikkje heilt kvifor det tiltalar meg. Kanskje er det fordi det er so ulikt dei fleste andre museum eg har sett; kanskje er det måten dei har tilpassa ein togstasjon til museumsfunksjonar på. I alle fall nyt eg å kunna gå gjennom dei halvmørke romma, m.a. for gong på gong å sjå impresjonistisk målarkunst frå slutten av 1800-talet.

Høgdepunkta var likevel når eg kunne setja meg ned på ein fortausrestaurant med eit glas vin og sjå på folkelivet. Mange totalt ukjende gjekk forbi på gatene; unge, gamle, familiar, einslege. Somme hadde hastverk, andre berre gjekk der, hadde god tid, var ute for å lufta seg litt. Eg kunne festa meg med einskildpersonar og dikta meg fram til kva dei gjorde, korleis dei hadde det, kvar dei skulle. Fullstendig meiningslaust, men likevel ein freistnad på å ta inn over seg det ufattelege mangfaldet av lagnader som er rundt oss, men som me sjeldan klarer å gripa. Yrande folkeliv vil me kunna oppleva i alle storbyar. Men det er noko ekstra med Paris, noko udefinerbart med stemninga, denne blandinga av det hektiske og det meir avslappande.

Ei einskildhending vil eg kosta på meg frå reisene mine til Paris. I eit ettermiddagsmøte ein desemberdag kom det e-postmelding frå departementet med tinging av eit utkast til svar på eit tilsynelatande intrikat spørsmål frå ein stortingsrepresentant. Som vanleg var det kort tidsfrist, Etter ein hyggeleg middag om kvelden med nordiske kollegaer kom eg opp på hotellrommet og kraup inn i skrivebobla. Nokre idear hadde dukka opp utover kvelden. No galdt å setja ord på dei. Straks over midnatt gjekk det eit dokument til Oslo. Tidleg føremiddag neste dag kom det grønt ljos, og etter litt justering og finpuss saman med ein kollega fekk stortingsrepresentanten svar som fortent. Veka etter fekk svaret og ein etterfølgjande debatt stor mediemerksemd. For meg var det eit Paris-opphald med ein ekstra dimensjon.

Og Paris står framleis høgt oppe på lista over komande reisemål.

Share