Stikkordarkiv: støvsugar

Lo-dotten

Ein lo-dott stirer på meg
der eg tuslar ein sakte vals
med støvsugaren på stovegolvet,
eg sirklar rundt denne
inntrengjaren,
dreg støvsugarmunnstykket i
fast mønster over golvflata,
til augneblinken er inne
og eg fører munnstykket over
lo-dotten,
ein svak lyd i slangen
får meg til kjenna meg nyttig,
ei sjeldan kjensle
i gjerandsløysedagar.

Lo-dotten skal aldri
undervurderast.

Share

Solstrime på golvet

Sola sender strimer
innover golvet,
lagar liv i overflata,
framhevar mønsteret i treet,
avslører støv og lodottar,
merke etter ustø gange
med full kaffikopp,
fortel at grått daglegliv
i solskuggen
brått kan hamna
i stråleglansen,
berre sola får koma
fram,
får skuva skoddedottar
og skyer til sides,
får pensla eit heilt vanleg
kvardagsleg stovegolv
med solstrimer som
lyser opp kvardagen.

Kanskje er det tid for
støvsugaren.

Share