Stikkordarkiv: stuttorv

Ljåslått i byen

Kvart år lèt eg 60-70 kvm av hagen stå med prestekragar og anna blomegras. Det er fint å sjå på og har god innverknad på husfreden. Utpå sommaren vert det likevel slik at blomane har blømt frå seg, og pyntedimensjonen er sterkt redusert. Då må eg til med ljåslått. Eg har både stuttorv og langorv, i tillegg skikkeleg steinbryne, tjuvlånt frå Lofthus i alle fall dei siste 10 åra.

I år vart det ljåslått ein av dei mange soldagane. Kloke røyster rundt meg kunne fortelja at med slikt vêr er det dårleg med dogg i graset, og dogglaus ljåslått er tilnærma meiningslaust. No har eg lært at når eg ei hende gong har ein vilje, bør eg fylgja han, skal det verta gjort noko praktisk. Eg let difor fornuftige kommentarar vera nett det, fornuftige, og sette i gang med slåtten. Eg kvesste både stuttorvet og langorvet. Då eg stod med bryne og langorv, såg eg at folk som gjekk forbi, rykte litt til. Dei hadde nok andre assosiasjonar om ein gråskjeggete mann som står med eit langorv, enn at det er ein innflytt harding som prøver å friska oppatt slåttekunstar som berre vert eldre, for ikkje å seia lett illusoriske. Musklar som knapt finst, seier på ein uvanleg direkte måte at dei i grunnen ikkje er kalibrerte for slikt ljåslåttrørslemønster. Men viljen tek styringa nok ein gong, og ljåen svingar seg gjennom graset.

Stuttorvsljåen bit best, men det går likevel raskast med langorvet. Silkegraset er noko herk: det berre legg seg ned, reiser seg dove oppatt som for å seia: nå nei, du kar, du må ha ljå med anna bit enn det du har skaffa deg, dersom du skal få has på meg utan dogg i graset. Då er det lettare med prestekragane og det andre blomegaset. Ljåen smyg seg rundt rotenden på graset, eit lite rykk og med ein lett sukk legg prestekragane seg over ende som for å seia: takk for i år, me sjåast til neste år.

Og silkegraset? Ein tur med Stiga SA 45 ordnar opp. Etter ei stund må silkegraset òg innordna seg. Normaliteten i byhagen er re-etablert: saman med alle andre grasstubbar stikk silkegraset 57 mm opp mot den blå sommarhimmelen.

Publisert på Facebook 4. august 2013

Share