Stikkordarkiv: tasta

Tommeltott-folket

Det skal ikkje vera bra å misunna nokon. Likevel, eg misunner tommeltott-folket, dette folkeslaget som med meistrande mine tastar i veg på smart-telefonane sine med begge tommeltottane. Det går so det fyk rundt dei andre fingrane, der dei balanserer telefonen i begge hendene medan tommeltottane trommar mot bokstavane på det vesle tastaturet. Sjølv sit eg og pirkar med éin peikefinger på skjermen, éin bokstav om gongen, og ofte treffer eg feil bokstav. Det går seint, irriterande seint, samanlikna med tornadoskrivinga som tommeltott-folket presterer.

Nokre gonger har eg forsøkt å bruka to tommeltottar sjølv. Det er faktisk lettare å treffa bokstavane med tommeltottane enn med peikefingeren. Men peikefingerpirkinga sit so fast i reaksjonsmønsteret mitt at eg må tenkja meg grundig om kvar gong eg skal bruka tommeltottane.

Det ser ut til å vera snakk om generasjonsskilnad. Born og barneborn høyrer til tommeltottfolket, medan eg, saman med eldre og yngre jamaldringar, sit og pirkar med peikefingeren. For ein gongs skuld ser det ut til at dei nye generasjonane har makta å laga framskritt. Men kven kunne tru at tommeltottane skulle vera framtidsretta verktøy.

Share

Me tastast

No surrar bloggaren dugeleg, tenkjer du kanskje. Men nei, her om dagen fekk eg ei melding frå ein god kjenning, der avslutninga var «me snakkast eller tastast i 2017». Nettopp, slik er det no for tida, me tastast meir enn me snakkast, mange av oss. Ordet ‘tastast’ finst enno ikkje i ordbøkene, men det er lett å forstå tydinga. Det er laga etter mønster frå andre ord, som ‘snakkast’, ‘møtast’, ‘sjåast’, ‘treffast’ m.m. På ein enkel måte grip ‘tastast’ tak i korleis me i den digitale tidsalderen samhandlar med andre personar. Me tastar på mobiltelefonar, nettbrett og pc-ar. Me tastar på Fjesboka, på twitter og eg veit ikkje kva. Til og med på den sokalla «snapchat» tastar me samstundes som me ser foto i sanntid av den me kommuniserer med. Korte, av og til lange, meldingar går fram og attende mellom oss ettersom me bautar oss fram i kvardagane og prøver å ha kontakt med kvarandre.

Eg kan ikkje la vera å tenkja attende på den raske utviklinga me har opplevt i det digitale kommunikasjonsfeltet. Då eg arbeidde ved Hardanger folkemuseum, kjøpte me inn data-utstyr i 1981, som det fyrste museet utanfor universitetsmusea. Det var eit stort framsteg i alt skrivearbeid. Brev, årsmeldingar, sakspapir til styret, artiklar, publikasjonar, tekstar til utstillingar og meir til kunne me produsera på ein rask og effektiv måte. Ja då, det gjekk med litt tid for å finna ut av feil som kunne koma på utstyret. Likevel vil eg nok hevda at me vart meir effektive i mykje av arbeidet vårt.

Eg hugsar også då me på Maihaugen kjøpte den fyrste faksmaskina i 1987. Det var jubileumsår og god økonomi, so me slo til. ikkje minst i kontakten med utanlandske institusjonar og kollegaer fekk faksmaskina mykje å seia. Det var slutt på å venta dage- eller vekevis på svar i brev. Sende eg ein faks til USA på ettermiddagen, låg det svar og venta neste morgon. Ikkje minst i den hektiske OL-tida på Maihaugen vart faksmaskina eit viktig hjelpemiddel. Me skulle drøfta og planleggja ei stor utbygging på Maihaugen. Det var i periodar dagleg kontakt med Kulturdepartementet, og då fekk faksmaskina verkeleg køyra seg.

No er faksmaskina å rekna som eit småteknisk kulturminne. E-post, internett, og eg veit ikkje kva, har overteke samhandlingsplattforma, for å bruka litt skoddespråk. Me tastar i veg, er hektiske og effektive. Sender små, ofte kryptiske meldingar om at me er på veg, toget er 10 minuttar for seint, møt meg utanfor X kl. yy.00, middag om to timar, osv. osv. Eg ynskjer meg stundom attende til den tida då det kunne gå vekevis mellom sending og svar; tenk på all den tida som me då hadde til disposisjon! Men det hadde me nok ikkje. Disponibel tid var nok den same då om no. Den gong som no var somme flinkare enn andre til å få noko ut av tida.

All den tastinga burde passa ein som vart oppseda til ikkje å snakka i utrengsmål. Likevel, rett som det er, tek eg meg sjølv i å droppa tastinga. I staden ringjer eg. Det er noko med det å kunna høyra den du har kontakt med, få med nyansane i stemmebruk og setningsmelodi, kunna sansa det usagde som kan liggja i det som vert sagt. Det får ein sjeldan grep om i dei tasta meldingstekstane. So om eg skulle ha eit nyttårsynske: heller snakkast enn tastast.

Share