Stikkordarkiv: tekstbehandlingsprogram

Skriving

Her om dagen viste det yngste barnebarnet mitt leksa si i finskrift, som ho kalla det. Ho la verkeleg vinn på å skriva fint, og slikt gler sjølvsagt ein bestefar. Seansen minte meg om mi eiga skuletid, då me skulle øva på skjønnskrift, som vel var nemninga den gongen. Det var på ingen måte ei favorittøving for meg, men eg såg at mange av medelevane fekk ei fin handskrift.

Når eg tenkjer meg om, kjem eg på at eg lenge var avhengig av å bruka handskrift når eg skulle uttrykkja meg, lenge etter at eg tok i bruk tekstbehandingsprogram på datamaskin. Allereie i 1981 skaffa Hardanger folkemuseum seg datautstyr, som eitt av dei fyrste musea utanfor universiteta. Økonomien var solid , og styret var velvillig, og då ordna det seg med edb-anlegg, som det heitte på den tida. Likevel gjekk det lang tid før eg gav avkall på å skriva for hand. Kvar gong eg skulle uttrykkja noko som kravde litt tankeaktivitet, måtte eg skriva for hand. Det var noko med at skrive- og tankeprosessen var opplært til å bruka handskrifta. Å setja seg til direkte på skjermen kjendest utrygt. Resultatet var at eg skreiv fyrst ein kladd for hand, slik me hadde lært i skulen. Deretter sette eg meg til tastaturet for å «reinskriva». Sikkert uforståeleg for mange i dag, men koplinga handskrift-tanke var sterkt rotfest i skriveåtferda mi. Tankane vart best formulerte når eg lét dei strøyma ut gjennom handskrifta mi. Eg skreiv til og med ei stor offentleg utgreiing på den måten. Det fyrste stortingsdokumentet eg hadde ansvar for, vart òg skrive på same måten. Håplaust tungvint, vil nok mange seia i dag.

Det gjekk mange år før eg våga å skriva direkte på skjerm utan å gå vegen om handskriven kladd. Men litt etter litt kom eg inn i det skriveuniverset som vel dei fleste skrivande boltrar seg i no: rett på tastaturet for å skriva i veg. Sjølvsagt oppdaga eg fort at å skriva i eit teksbehandlingsprogram er mykje meir effektivt. Skiljet mellom kladd og reinskrift er utviska. Det er sikkert difor mange tekstar i det offentlege rommet kan sjå ut som kladdar. Det programmet som eg nyttar til å skriva tekstar i bloggen min, har ein velsigna eigenskap: den lagrar kvar versjon. Då kan eg gå attende for å sjekka, ta inn att noko som eg har sletta osv. Glimrande hjelpemiddel for ein som likar å pusla med smådetaljar i teksten heile tida. Eg ser at det i bloggen min er det tekstar som finst i 50-60 versjonar.

Det er fint at barnebarnet mitt lærer seg finskrift og vert vane med å bruka handskrift. Kor lenge ho kjem til å nytta handskrifta i særleg monn, er eit anna spørsmål. Ho høyrer nok til ein generasjon som vert fanga i den digitale skrivekulturen, der skriftlege uttrykk i standig større monn veks saman med dei visuelle uttrykksformene. Spennande, eg kan ikkje seia anna. Eg er likevel glad for at eg vaks opp med å bruka handskrift som det berande prinsippet for å kunna uttrykkja meg skriftleg.

Share