Stikkordarkiv: territorielle enklavar

Hittfolket

Som den tvilande og litt vinglande sjela eg er, strevar eg med å ta inn over meg at det i grunnen berre finst to folkeslag: folk flest, og so dei andre, eller hittfolket, som framande og ukjende stundom vart kalla i barndomen min. Dei som høyrer til folk flest, tykkjer nok at hittfolket er noko herk. I alle fall er det mykje plunder med dei. For det fyrste er hittfolket so ulike folk flest. Dei oppfører seg annleis, tenkjer annleis. Til og med tru og tvil er annleis hjå hittfolket. Stundom går dei rart kledde også, et underleg mat og skil seg ut på alle måtar. Hadde dei enno oppført seg som folk, ja, eg meiner som folk flest, då hadde dei ikkje vore hittfolket, og då hadde det ikkje vore vanskar med dei. For det andre har hittfolket det med å koma so nær innpå det som ein har som sitt eige, det som ein ærleg og redeleg har halde for seg sjølv fordi ein høyrer til folk flest. Slikt er skummelt, i alle fall er det irriterande og svært urettvist. Hittfolket eig ikkje skjemmevit, spør du folk flest.

Det er i grunnen urettferdig at folk flest skal ha bal med hittfolket, berre fordi Vårherre må ha hatt ein dårleg dag på jobben og kome i skade for å skapa so mykje ulike folk. Han, som elles er på lag med folk flest, burde ha sytt for at alle skapningar var som folk flest. Dette mangfaldet er oppskrytt. Utan mangfald kunne me ha sloppe unna hittfolket. Då hadde dei fleste problema vore borte. Folk flest kunne ha konsentrert seg om å vera som folk flest. Det er so trygt å møta dei som er som folk flest. Då kan ein seia kva ein meiner, rett frå levera, og dei vil forstå; kvart ord vil dei forstå. Semja sviv som ei paradisisk sky over møte mellom folk flest.

No kan det rettnok vera greitt å ha eit hittfolk som kan gjera litt arbeid for folk flest, gjerne slikt som folk flest tykkjer er trasig å gjera. Slike gonger er det spesielt viktig at hittfolket kan utføra oppgåvene utan for store kostnader for folk flest. Slikt må folk flest kunna unna seg når ein heile vekene står på for å skapa eit godt samfunn som er rettferdig for folk flest.

Det andre som er litt positivt med hittfolket, er at ein treng aldri vera i tvil om kven som har skulda når noko ikkje er heilt som det skal vera for folk flest. Då er årsakssamanhengen alltid berrsynt: Det er hittfolket som har skulda. Og det er avgjerande for folk flest at skuld og ansvar kan plasserast der slikt høyrer heime, hjå hittfolket. Slik held ein oppe ei levande og berekraftig rettsoppfatning i samfunnet.

Det er berre det at det har so lett å verta for mykje av hittfolket. Det er so fordømt vanskeleg å finna rette balansen. Det beste var nok at folk flest heldt til på sine territorium og hittfolket på sine eigne. Då kunne kontakten t.d. avgrensast til at folk flest reiste på ferie til dei territoria der hittfolket bur for seg sjølve. Då ville folk flest kunna bestemma sjølve når og korleis dei vil ha kontakt med hittfolket. Det som i alle høve er eit udiskutabelt faktum, er at folk flest veit kva som er best, både for folk flest og hittfolket. Og faktum må alle ta på alvor.

Share