Stikkordarkiv: tida

Tidarvende

Veit du kva tidarvende betyr? I så fall høyrer du til eit mindretal. Eg har testa ordet på mange rundt meg, men ingen hadde høyrt det før. Sjølv likar eg ordet, men det ville vera feil å seia at det høyrer med til det daglege ordtilfanget mitt. No når me nett har stige inn i eit nytt år, har me passert eit tidarvende. Ordet betyr ‘tidskifte’. Me går over frå ein tilstand til ein annan. Me kan ha mange tidarvende i liva våre, skuleslutt, ny jobb, bryllaup, barnefødsel; alle former for gjennomgripande endringar i liva våre kan kallast tidarvende. Året har sine tidarvende, med solsnu og nyår som markerte vende.

Sjølv vert eg ofte fascinert av pendelen på stoveklokka. Når han tikkar i veg, heilt jamt, utan stogg – fjetrande og roande på same tid – ser eg for meg eg at i grunnen er kvart tikk eit ørlite tidarvende. Pendelen vender heile tida, fram og attende, fram og attende. Eg fantaserer om at den tikkande tida samlar seg i små og store bolkar. Bolkane er oppsamlingsmapper av minne, lukter, synsinntrykk, formuleringar, kjensler, både på godt og vondt. Et heilt liv kan reknast som ei tikkande snor av ufatteleg mange korte og nokre store tidarvende.

Før eller seinare kjem me til det punktet då tida ikkje vender lenger. Då er tidarvendet ute, nett slik som eventyret.

Share

Tida

Tida –
går ho frå deg,
kjem ho til deg?
Har du godt om tid,
har du dårleg tid?
Og kvar vart ho av,
den tida
du hadde?

Det var tider
du trudde at
tida var eit endelaust
hav,
der du kunne boltra deg
i tidlaust kav.

Ikkje ser du tida,
ikkje høyrer du henne,
heller ikkje luktar du tida;
er du heldig,
kan du ana
at tida er
her og no,
ei samling
stunder der du
unner deg tid
til å lata
livet leva.

Share